Stortinget gir samtykke til å godkjenne WTO sin fiskerisubsidieavtale

Stortinget gav torsdag 15. februar samtykke til godkjenning av WTO sin fiskerisubsidieavtale (AFs). AFs er godt nytt både for berekraftige fiskeribestandar i verdshava og internasjonalt samarbeid.

WTO sin avtale om å avgrense nokon former for skadelege fiskerisubsidiar (AFs), blei inngått i juni 2022, etter over 20 års forhandlingsinnsats. Avtalen er ein milepæl av fleire grunnar. Det er WTO sin første avtale med eit primært berekraftsformål. Og det er ein av to multilaterale avtalar ein har lykkast i å forhandle fram etter at WTO blei oppretta i 1994.

Ifølgje FN sin ernærings- og landbruksorganisasjon (FAO) er 33 prosent av fiskebestandane i verda overutnytta. Samtidig gir styresmaktene i mange land milliardar i subsidiar til fiskerisektoren. Det eksisterer mange ulike former for fiskerisubsidiar, og nokon har stort potensial for negative effektar, medan andre ikkje har det. Denne avtalen rettar seg mot subsidiar som bidreg til å halde oppe ikkje-berekraftig fiske. Avtalen forbyr subsidiar til ulovleg, uregulert og urapportert fiske, og dessutan til fiske på overfiska bestandar.  

I forhandlingane har det vore viktig å balansere ressursomsyn, miljøomsyn og utviklingsomsyn. Det nye regelverket vil bidra til å avgrense fiskeri som i dag ikkje er berekraftige. Det vil gi ein viktig miljøgevinst. Omsynet til utviklingsland og særleg dei minst utvikla landa er òg sentralt. Det blir forhandla vidare om forbod knytt til subsidiar som bidreg til overkapasitet og overfiske, som vi håpar å lande på WTO sin ministerkonferanse i Abu Dhabi i slutten av februar.

For Noreg er det ei sjølvstendig utanrikspolitisk interesse i at det multilaterale handelssystemet er robust og kan levere forhandlingsresultat som dette.

Frå eit handelspolitisk perspektiv er det positivt at fiskerisubsidiar blir reduserte. Det er bra for Noreg, som har eit berekraftig, konkurransedyktig og eksportretta fiskeri. Avtalen vil tre i kraft når to tredelar av WTO-medlemmene har godkjent han. For berekrafta i havet, og for Noregs omdømme i WTO, er det viktig at vi no blir blant landa som bidreg til denne målsetjinga.