Statsbudsjett 2024

Styrker DOGA si satsing på design og arkitektur

Regjeringa foreslår å styrke løyvinga til DOGA – Design og arkitektur Norge – mellom anna for å fremme nye, grøne industrietableringar.

– Design og arkitektur kan spele ei viktig rolle for å realisere det grøne skiftet, og bidra til at dei store grøne industrietableringane ikkje berre skaper nye arbeidsplassar, men også fremmer sosial og miljømessig berekraft, seier næringsminister Jan Christian Vestre.

Regjeringa gjer framlegg om totalt 4,5 millionar kronar meir til DOGA, mellom anna til å utvikle kunnskaps- og inspirasjonsmateriell om korleis design og arkitektur kan nyttast til å skape grøne industrietableringar. Tiltaket er ein del av Grønt industriløft.Midlane skal også nyttast til oppfølging av det nordiske samarbeidet om design.

DOGA arbeider for meir forståing, kunnskap og bruk av design og arkitektur i næringslivet og i samfunnet. DOGA skal mobilisere gode prosjekt som fremmer grøn omstilling, blant anna innanfor dei områda som regjeringa har peikt ut i vegkartet for eit grønt industriløft.