Statsbudsjettet 2021:

Styrker innsatsen mot diskriminering, rasisme og hatefulle ytringar med 10 millionar kroner

– Diskriminering, rasisme og hatefulle ytringar svekker demokratiet vårt. Derfor gjer vi det no enklare for frivillige organisasjonar og lokale myndigheiter å gjennomføre tiltak som motverker dette, seier kultur- og likestillingsminister Abid Q. Raja.

Regjeringa foreslår å etablere ei eiga tilskotsordning på 8 millionar kroner for å styrke arbeidet mot diskriminering, rasisme og hatefulle ytringar.

Gjennom ordninga kan mellom anna frivillige organisasjonar og lokale myndigheiter søke om støtte til aktivitetar som skal fremje mangfald og dialog, og motverke rasisme og hatefulle ytringar. Målet med ordninga er å legge til rette for lokalt, regionalt og nasjonalt engasjement og støtte aktørar som ønsker å bidra i arbeidet.

– Eg veit at mange kommunar og organisasjonar har gode idear og prosjekt allereie. Sivilt samfunn spelar ei viktig rolle i arbeidet mot rasisme, diskriminering og hatefulle ytringar, og gjennom den nye ordninga ønsker vi å fremme mangfald og dialog.

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet vil forvalte ordninga på vegne av Kulturdepartementet.   

I tillegg foreslår regjeringa å styrke eksisterande tilskotsordning til lhbtiq-organisasjonane med 2 millionar kroner. Dette vil kunne bidra til fleire aktivitetar for organisasjonane.

–  Vi ønsker med dette å bidra til haldningsendringar, og å skape meir opne og trygge sosiale arenaer, samt deltaking frå og styrke identitet for lhbtiq-personar og personar med variasjon i kroppsleg kjønnsutvikling.