Revidert nasjonalbudsjett

Nyheiter

Styrker tilsynet med straummarknaden

Straummarkanden ska vere forutsigbar og lett forståeleg for forbrukarane. Regjeringa føreslår derfor å løyve tre millionar kroner til Forbrukartilsynet, for å sikre eit fortsatt sterkt tilsyn, god rettleiing og regelverksutvikling på straummarknaden.

– Regjeringa har satt i gang eit viktig oppryddingsarbeid i straummarknaden, og Forbrukartilsynet er ein sentral aktør i dette arbeidet. Det er heilt nødvendig å sørgje for at Forbrukartilsynet har tilstrekkeleg finansiering for å vareta rettane til forbrukarane i straummarknaden utan at det går ut over andre viktige oppgåver, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp).

Forbrukartilsynet har eit stort og viktig ansvar for å føre tilsyn med alle forbrukarmarknader og mekle mellom forbrukarar og næringsdrivande når det oppstår problem.

I 2023 har Forbrukartilsynet fått i oppgåve å særskilt prioritere tilsyn med marknadsføring og sal av straumavtaler til forbrukarane. I tillegg er dei pålagde ytterlegare oppgåver knytt til regelverksutvikling, og vurdere nye moglegheiter for sanksjoner i samråd med Reguleringsmyndigheten for Energi (RME).

– Dei nye og mellombelse oppgåvene knytt til straummarknaden medfører at det er nødvendig å auka løyvinga til Forbrukartilsynet med tre millionar kroner i 2023, seier Toppe.