Svar på skriftleg spørsmål om Bama sin marknadsposisjon

Landbruks- og matminister Geir Pollestad har svart på skriftleg spørsmål frå Alfred Jens Bjørlo (V) om - Haldning til Bama sin marknadsposisjon.

Skriftleg svar på spørsmål nr. 2947 frå stortingsrepresentant Alfred Jens Bjørlo - Haldning til Bama sin marknadsposisjon

Stortingsrepresentant Alfred Jens Bjørlo har stilt følgjande spørsmål: 

«Hva er statsrådens holdning til at Bama, gjennom sin dominerende markedsposisjon, i stor grad styrer produksjonen av epler mot varemerkeregistrerte eplesorter de selv har lisens på og dermed tar kontroll over en større del av verdikjeden?» 

Som landbruks- og matminister er eg både oppteken av at bonden skal ha god råderett over eigen produksjon og at forbrukar skal ha eit tilstrekkeleg mangfald av varer å velje i. Det er positivt at Bama, saman med resten av verdikjeda, arbeider for å auke salet av gode norske eple. 

Daglegvarebransjen i Noreg er prega av få og store aktørar, særleg på grossist- og detaljistleddet. Som representanten Bjørlo viser til, er Bama ein av dei aktørane som har ein dominerande marknadsposisjon. Regjeringa har sett i verk ei rekkje tiltak for å motverke maktkonsentrasjonen i daglegvarebransjen. Saka om eplesortar syner at det er viktig å halde fram med dette arbeidet. Eg har invitert BAMA til eit møte, slik at eg kan få ei nærmare orientering om detaljane knytt til denne saka.

Eg vil også vise til at det blir arbeidd med å bevare mangfaldet av eplesortar og mangfald elles av kulturplantar og husdyr gjennom oppfølging av den nasjonale strategien for genressursar for mat og landbruk. Bønders rett til plantegenetiske ressursar er internasjonalt anerkjent. I Noreg blir dette følgd opp mellom anna gjennom å legge til rette for at bønder har enkel tilgang til genetiske ressursar, framleis deltaking i avgjerdsprosessar og gjennom å bidra til at bønder også framover kan nytte eigenproduserte frø og livdyr i eigen produksjon. Til dømes har bønder lov til vederlagsfritt å spare på såvare frå eiga avling under gjeldande norsk planteforedlarlov.

Over jordbruksavtala har det og blitt nytta betydelege midlar til utvikling av plantemateriale som skal sikre at norsk jord- og hagebruk har tilgang til klimatilpassa, variert og sjukdomsfritt materiale, og gjere dette materiale meir konkurransedyktig både på heimemarknaden og i eksportmarknaden. 

Det er sider ved det som har kome fram i mediaomtala av denne saka som uroar meg. Eg er oppteken av at bonden si makt i verdikjeda for mat ikkje vert svekka. Difor ser eg fram til å få informasjon frå Bama og vil, utan omsyn til denne saka, halde fram arbeidet mot maktkonsentrasjon i verdikjeda for mat.

Med helsing

Geir Pollestad