Svar på skriftleg spørsmål om fruktgrossisten Bama

Landbruks- og matminister Geir Pollestad har svart på skriftleg spørsmål frå Geir Jørgensen (Rødt) om - Fruktgrossisten Bama som eies av Norgesgruppen og REMA vil nå fase ut/redusere produksjonen av flere klassiske norske eplesorter.

Skriftleg svar på spm nr 2951 frå stortingsrepresentant Geir Jørgensen

Stortingsrepresentant Geir Jørgensen har stilt følgjande spørsmål:

«Fruktgrossisten Bama som eies av Norgesgruppen og REMA vil nå fase ut/redusere produksjonen av flere klassiske norske eplesorter. Samtidig vil de økte produksjonen av to eplesorter Bama har kjøpt rettigheter til, og tvinge fram ei omlegging der disse to egne sortene produseres på lisens. Rødt mener denne framgangsmåten fra en dominerende fruktgrossist er helt uakseptabel. Vil statsråden ta grep for å hindre at mangfoldet av eplesorter forsvinner og at våre fruktbønder må produsere på husmannskontrakt for dagligvaregigantene?»

Som eg òg har vist til i svar på spørsmål 2947 til representanten Bjørlo om same sak, er eg som landbruks- og matminister både oppteken av at bonden skal ha god råderett over eigen produksjon og at forbrukar skal ha eit tilstrekkeleg mangfald av varer å velje i. Det er positivt at Bama saman med resten av verdikjeda arbeider for å auke salet av gode norske eple. 

Daglegvarebransjen i Noreg er prega av få og store aktørar, særleg på grossist- og detaljistleddet. Som representanten Jørgensen viser til, er Bama ein av dei aktørane som har ein dominerande marknadsposisjon. Regjeringa har sett i verk ei rekkje tiltak for å motverke maktkonsentrasjonen i daglegvarebransjen. Saka om eplesortar syner at det er viktig å halde fram med dette arbeidet. Eg har teke initiativ til eit snarleg møte med BAMA for at eg kan få ei nærare orientering om detaljane knytt til saka.

Eg delar engasjementet til representanten Jørgensen med å ta vare på sortsmangfald og eg vil følgje opp den nasjonale strategien for genressursar for mat og landbruk gjennom ein tiltaksplan som eg vil lansere i haust. Her inngår arbeidet med bønders rettar, mellom anna ved å sikre bønder enkel tilgang til genetiske ressursar, framleis deltaking i avgjerdsprosessar og dessutan gjennom å bidra til at bønder òg framover kan nytte eigenprodusert frø og livdyr i eigen produksjon.

Eg jobbar òg for å vidareutvikle mangfaldet. Over jordbruksavtala har det blitt nytta betydelege midlar til utvikling av plantemateriale for at norsk jord- og hagebruk får tilgang til klimatilpassa, variert og sjukdomsfritt materiale, og for å gjere dette materialet meir konkurransedyktig på heimemarknaden og i eksportmarknaden.

Det er sider ved det som har kome fram i mediaomtala av denne saka som uroar meg. Eg er oppteken av at bonden si makt i verdikjeda for mat ikkje vert svekka. Difor ser eg fram til å få informasjon frå Bama og vil, utan omsyn til denne saka, halde fram arbeidet mot maktkonsentrasjon i verdikjeda for mat.

Med helsing

Geir Pollestad