Svar på skriftleg spørsmål om eingongspurkeproduksjon

Landbruks- og matminister Geir Pollestad har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Terje Halleland (FrP) om eingongspurkeproduksjon.

Svar på spørsmål nr. 1688 frå storingsrepresentant Terje Halleland - eingongspurkeproduksjon

Eg syner til spørsmål nr. 1688 frå representanten Terje Halleland: 

«Hvorfor vil statsråden gå bort fra en solid tradisjon i norsk landbruk om å ivareta den enkelte bonde som har gjort investeringer og lagt opp til en drift ut ifra gjeldene regelverk, når dette regelverket fra myndighetene sin side blir betydelig innskjerpet og gitt tilbakevirkende kraft? Som eksempler på dette kan en vise til endringer av regler rundt både melkekvoter, pelsdyrhold og kyllingprodusenter.» 

Eg syner til mitt svar av 1. februar 2024 på spørsmål nr. 1022 frå representanten Terje Halleland og vil nok ein gong presisere at både endringa i regelverket og overgangsordninga vart gjort under Solberg-regjeringa medan Framstegspartiet var ein del av denne. Eg har ikkje gjort noko endring eller nytt vedtak i denne saka. 

Som eg også har greidd ut om tidlegare, gjekk produksjonen av smågris over tid i ei retning der stadig fleire dreiv med sokalla eingongspurkeproduksjon, der purka vart slakta etter berre ei grising. Ein smågrisprodusent som dreiv tradisjonelt med to til tre grisingar per purke før ho vart slakta, kunne tilføre marknaden om lag 4 000 smågriser kvart år, mens ein eingongspurkeprodusent på si side kan levere so mange som 11 000–12 000 smågrisar kvart år. Denne forma for produksjon utgjorde utan tvil eit smotthol i regelverket og var i strid med føremålet med lova. Ein kan soleis ikkje samanlikna dette med nye kvotetak i mjølkeproduksjonen eller avviklinga av pelsdyrhald.  

Regelverket vart difor endra med verknad frå 1. januar 2020. Eg gjentek at reglane ikkje vart gitt tilbakeverkande kraft. Eingongspurkeprodusentane fekk frå og med hausten 2019, etter søknad, høve til å vidareføre eingongspurkeproduksjon ut 2024. Eg meiner, på same måte som Solberg-regjeringa, at produsentane er tilstrekkeleg varetekne gjennom ei overgangsordning som strekk seg over fem år.   

Eg deler i denne saka dei vurderingane som Solberg-regjeringa gjorde og ser det ikkje som naudsynt å endra på dette. 

Med hilsen

Geir Pollestad