Svar på skriftleg spørsmål om forslag til nytt tallgrunnlag

Landbruks- og matminister Geir Pollestad har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Olaug Vervik Bollestad (KrF)  - Legge fram forslag til nytt tallgrunnlag.

Spm nr 3116 til skriftlig besvarelse fra stortingsrepresentant Olaug Vervik Bollestad - Legge frem forslag til nytt tallgrunnlag

Eg viser til følgjande spørsmål frå representanten Olaug Vervik Bollestad: 

Dag-Inge Ulstein stilte 10.08 statsråden spørsmål om når han ville legge frem nytt tallgrunnlag for bondens inntekt. Det svarte ikke statsråden konkret på. Statsråden svarte villedende at «teknikk kan ikkje erstatte politikk». Hele setningen er feil. Teknikk erstatter ikke politikk, men politikk er avhengig av rett teknikk.

Spørsmålet er derfor om landbruksministeren kan love å legge frem forslag til nytt tallgrunnlag i tide til at vårens jordbruksoppgjør kan skje på nytt tallgrunnlag?

Svar:

Regjeringa trappar opp inntektene i jordbruket. Overføringane har auka meir enn nokon gong under denne regjeringa. Budsjettstøtta vil no auke med heile 54 prosent på to år. Årets jordbruksoppgjer legg opp til 23 prosent auke i inntektsmoglegheitene per årsverk på eitt år. Med dette har regjeringa over to år lagt til rette for ei nivåheving utover lønnsveksten for andre grupper på 100 000 kroner per årsverk i jordbruket. Det er ei sterk prioritering av jordbruket i ei tid med stor kostnadsvekst.

Då eg tok over som Landbruks- og matminister 4. august 2023 var opptrappingsplan og nytt talgrunnlag ei av dei fyrste sakene eg tok tak i. Eg jobbar med sikte på å levere dette så raskt som mogleg.

Målet med ein slik plan er å gje meir føreseielege økonomiske vilkår for matprodusentane i Noreg. Eg legg merke til at representanten Bollestad meiner at setninga «Teknikk kan ikkje erstatte politikk» er feil. Eg er ikkje samd i det. Utan omsyn til planar og talgrunnlag så vil regjeringa og stortingsfleirtalet vera avgjerande på kva vilkår som gjeld for norsk matproduksjon.

Eg vil vise til det taktskifte som har vore i jordbrukspolitikken etter at representanten gjekk av som statsråd i 2021 og Sandra Borch tok over. Eg kan ikkje lage ein plan som vil syte for gode jordbruksoppgjer om ein ei gong i framtida skulle kome attende til den regjeringa og det politiske fleirtalet som var fram til 2021.

Det er ingen grunn til å tvile på at mitt mål er å levere både eit nytt talgrunnlag og ein opptrappingsplan så raskt som mogleg.

Med helsing

Geir Pollestad