Svar på skriftleg spørsmål om jordbruksforhandlingane

Landbruks- og matminister Geir Pollestad har svart på skriftleg spørsmål frå Dag-Inge Ulstein (KrF) om - når vil statsråden komme med nytt tallgrunnlag til jordbruksforhandlingane.

Spørsmål nr 2837 til skrifteleg svar frå stortingsrepresentant Dag-Inge Ulstein

Eg viser til spørsmål frå representanten Dag Inge Ulstein:

«I Hurdalsplattformen går det frem at «Opptrappinga skal skje i samarbeid med partane i jordbruksavtalen og baserast på nytt talgrunnlag». Ettersom man begynner med bakgrunnstall til jordbruksforhandlingene allerede i høst bør nytt tallgrunnlag etableres så fort som mulig. Det er snart et år siden Gryttenutvalget kom med sin rapport, så regjeringen har hatt mer enn god nok tid til å tenke seg om og ta en beslutning. Når vil statsråden komme med nytt tallgrunnlag?»

Jordbruksavtalane dei siste to åra har gjeve det største bidraget til nivåheving av inntektene i jordbruket som har vore levert i Noreg. Det er gjort i ein situasjon med ekstrem kostnadsvekst. Budsjettmidla til landbruket over statsbudsjettet er økt med 54% sidan regjeringsskiftet. Dette viser kor høgt regjeringa prioriterer inntektsmoglegheiter for jordbruket.

Forhandlingane om jordbruksavtalen i vår vart gjennomført på ordinær måte, utan endringar i grunnlagsmaterialet. Budsjettnemnda for jordbruket skal i haust gjennomgå og revidere delar av talgrunnlaget.

I arbeidet med ein opptrappingsplan må vi sjå på vurderingane og anbefalingane i rapporten frå Gryttenutvalet. Næringsinntekt kan i utgangspunktet ikkje samanliknast med løn direkte, og inntekta til næringsdrivande kan ikkje bli vedtatt slik løn kan. Det er derfor naudsynt å innarbeide avgrensingar og føresetnader, slik Stortingets inntektsmål for jordbruket alltid har hatt – og som det må ha. Gryttenutvalet foreslo ein operativ måte å innarbeide nødvendige avgrensingar og føresetnader for nivåsamanlikning på. Forslaget har fått mykje kritikk i høyringa.

I arbeidet med ein opptrappingsplan må det og takast omsyn til marknadssituasjonen, råvareprisar og kostnader, konkurransekraft mot import og substituttar, internasjonale avtalar og handlingsrommet i statsbudsjettet. Opptrappinga må gjerast på ein måte som ikkje står i motsetnad til andre landbrukspolitiske mål.

Vi ønskjer å kome fram til løysingar, som har tilstrekkeleg tillit både i samfunnet og i næringa. Regjeringa arbeider for å få fram ei sak for Stortinget så fort det er forsvarleg.

Avtalane dei to siste åra har lagt til rette for høgare inntektsvekst enn dei åtte åra før til saman. Mi meinig er at rask oppfølging av inntektsmålsettinga til no har vore viktigare enn ein plan. Arbeidet med ein opptrappingsplan vil ha høg prioritet for meg.

Mange med representanten Ulstein har vore svært oppteken av korleis ein reknar bondens inntekt. Men teknikk kan ikkje erstatte politikk. For at bøndene skal oppleve inntektsvekst trengs det politisk vilje. Og det har denne regjeringa vist mykje meir av enn den førre. Eg vil minne om at fleire av dei borgarlege partia stemte mot jordbruksavtalen i år. Denne regjeringa leverer ei inntektsopptrapping som ein aldri ville fått med eit borgarleg fleirtal på Stortinget.

Med helsing

Geir Pollestad