Svar på skriftleg spørsmål om jordvernet i kommunane

Landbruks- og matminister Geir Pollestad har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Olaug Vervik Bollestad (KrF) - Om konkrete grep for å styrke jordvernet i kommunane.

Skriftleg svar på spm. Nr. 143 frå stortingsrepresentant Olaug Vervik Bollestad - Om konkrete grep for å styrke jordvernet i kommunane

Eg viser til spørsmål nr. 149 for skriftleg svar frå Stortingets presidentskap. Følgjande spørsmål er reist i brev av 17.10.2023 frå stortingsrepresentant Olaug Vervik Bollestad:

«Da Statsråden deltok i NRKs helgemorgen den 15. oktober 2023 sa Statsråden "Skal vi nå det målet som Stortinget har satt, så er det ingen automatikk i at noe som ligger inne i en plan til bruk for industri eller boliger, at det kan godtas". Hva vil statsråden gjøre konkret for å følge opp arealdisponeringen i kommunene, og vil statsråden gjøre konkrete grep for å verne om matjord, som allerede er disponert bort?» 

Først vil eg vise til at regjeringa nyleg la fram ein ny nasjonal jordvernstrategi som Stortinget handsama i juni i år. Denne strategien inneheld eit nytt og skjerpa mål for omdisponering av matjord, og nye konkrete tiltak for å nå dette målet. Målet for omdisponering av dyrka mark er no sett til maksimalt 2 000 dekar per år (ned frå 3 000 dekar), og skal bli nådd innan 2030. Med felles innsats håpar eg at me kan nå måla i jordvernstrategien så raskt som råd. 

Jordvernstrategien inneheld ei rekke nye tiltak, i tillegg fører me vidare tiltak frå tidlegare strategiar. Nokre av dei viktigaste nye tiltaka er å:

  • greie ut ein heimel i jordlova for vern av viktige jordbruksareal
  • utvikle eit sentralt register for viktige jordbruksareal av nasjonal interesse
  • utvikle eit jordbruksarealrekneskap, som del av eit nasjonalt arealrekneskap

Skal me nå jordvernmålet krev det innsats i fleire sektorar. Jordvernet skal derfor styrkast i Nasjonal Transportplan (NTP) og i dei kommande statlege retningslinene for bustad-, areal- og transportplanlegging. I dei nye nasjonale forventningane til regional og kommunal planlegging er jordvernet alt styrka, noko eg meiner er svært gledeleg! Her uttrykker regjeringa klare forventingar til kommunane. Det står mellom anna at det er viktig at behovet for utbygging blir balansert betre mot det langsiktige omsynet til innanlands matproduksjon, og at det særleg i pressområda er viktig å praktisere eit strengt jordvern.

For å nå det nye jordvernmålet på 2 000 dekar, er me avhengige av at kommunane fører tilbake mykje av det arealet som er sett av til byggeformål i kommuneplanane, eller ventar med å regulere desse områda til det er strengt naudsynt. Regjeringa oppmodar derfor om slik tilbakeføring i dei nye nasjonale forventningane til regional og kommunal planlegging, som blei vedtatt 20. juni i år.

Det er nemleg sett av svært mykje jordbruksareal til byggeformål i kommuneplanane som enno ikkje er bygd ut. Ifølgje ein fersk rapport frå Norsk Institutt for Naturforsking (NINA), er det sett av minst 140 000 dekar dyrka mark til utbygging i kommunale planar. Det motsvarar ei omdisponering i 70 år, om vi når jordvernmålet på 2 000 dekar. I tillegg skal det vera rom for utbygging av naudsynt infrastruktur som veg og bane som òg vil krevje noko nedbygging.

Den førre kommunal- og distriktsministeren og landbruks- og matministeren sende i fjor eit brev til alle kommunane og fylkeskommunane, om at dei må ta godt vare på matjorda i kommunane sin arealplanlegging. Me vil snart sende eit nytt slikt brev, sidan me mellom anna har fått mange nye lokale folkevalde, ein ny nasjonal jordvernstrategi og nye nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging.

Matjorda er ein nasjonal ressurs, og staten har derfor verkemiddel for å følgje opp forvaltninga av areal. Ikkje minst ligg det eit ansvar på statsforvaltarane til å følgje opp jordvernet ved handsaminga av kommuneplanane.

Kommunal- og distriktsdepartementet (KDD) kan òg gripe inn, noko som saken om IKEA-utbygginga i Vestby kommune viser. I den saken vedtok nyleg KDD eit midlertidig statleg bygge- og deleforbod med heimel i plan- og bygningslova. Dette gjorde KDD for å kunne vurdere arealformålet på nytt.

I Hurdalsplattforma seier me at jordvernet skal styrkast, og at jordvern skal bli eit overordna omsyn i arealforvaltninga. Eg er glad for at me har fått ein ny jordvernstrategi som bidreg til dette. Det er viktigare enn nokon gong å lage ein politikk som bidreg til å auke matberedskapen. Heldigvis ser vi ei større forståing i samfunnet for å styrke jordvernet, auke matsikkerheita og den norske sjølvforsyninga. Eg ser fram til eit samarbeid med kommunane, landbruket og andre gode krefter for å sikre matjorda for matproduksjonen.

Med hilsen

Geir Pollestad