Svar på skriftleg spørsmål om konkurranse i meierisektoren

Landbruks- og matminister Geir Pollestad har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Lene Westgaard-Halle (H) - Faglege råd i saka om konkurranse i meierisektoren.

Spm nr 248 til skriftleg svar frå stortingsrepresentant Lene Westgaard-Halle - Faglege råd i saka om konkurranse i meierisektoren

Eg viser til brev datert 27. oktober 2023 med følgjande spørsmål til skriftleg svar frå representanten Lene Westgaard-Halle:    

«Hva er årsaken til at statsråden velger å overse de klare faglige rådene i saken om konkurranse i meierisektoren?»

Den 10. oktober i år var fristen for gje innspel på høyring av forslag til endringar i dei konkurransefremjamde tiltaka i meierisektoren. Departementet har motteke om lag 30 innspel i saka. I tillegg har eg invitert aktørane i prisutjamningsordninga til møte der dei kan leggje fram sitt syn på endringane som har vore på høyring direkte til meg. Det nærmar seg tid for å konkludere etter ein lang og omfattande prosess.

Eg viser elles til mine svar på spørsmål nr. 77 og 246 frå representanten Westgaard-Halle sine brev om nett same sak den 10. og 27. oktober.

Med helsing

Geir Pollestad