Svar på skriftleg spørsmål om konkurransefremmjandende tiltak i meierisektoren

Landbruks- og matminister Geir Pollestad har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Lene Westgaard-Halle (H) - Konkurransefremmjandende tiltak i meierisektoren og Tine sin posisjon i den norske meierimarknaden.

Spm nr 246 til skriftleg svar frå stortingsrepresentant Lene Westgaard-Halle - Konkurransefremmjandende tiltak i meierisektoren og Tine sin posisjon i den norske meierimarknaden

Eg viser til brev datert 27. oktober 2023 med følgjande spørsmål til skriftleg svar frå representanten Lene Westgaard-Halle:   

«Er statsråden enig med sin partifelle i Gausdal, eller mener han at forbrukerne ønsker politiske endringer som gir Tine et tilnærmet monopol for store deler av norsk meierisektor og samtidig høyere matvarepriser?» 

Representanten Westgaard-Halle har stilt meg eit spørsmål med same premiss som spørs­mål nr. 77 som vart stilt frå same representanten den 10. oktober i år. Eg er framleis ikkje samd i premissen om at dei forslaga som har vore på høyring vil gje «Tine tilnærmet monopol for store deler av norsk meierisektor og samtidig høyere matvarepriser.» Eg viser derfor til svaret eg gav Westgaard-Halle på spørsmål nr. 77, der eg viste til dei justeringane som låg inne i høyringsframlegget, og eg siterer herifrå: 

«Forslaget inneber at om lag tre firedelar av beløpet som går til konkurransefremjande tiltak vert ført vidare. Endringsframlegget byggjer på at både eg og regjeringa meiner konkurranse i meierisektoren er viktig og at konkurransefremjande tiltak enno er naudsynt for å leggje til rette for konkurranse i sektoren.» 

Fristen for å gje innspel til høyringa gjekk ut den 10. oktober 2023. Departementet går no gjennom dei ulike høyringsinnspela før det vert trekt endelege konklusjonar. Eg opp­lever stor interesse om saka, og det er viktig for meg å få eit best mogleg grunnlag før ho vert endeleg avgjort. Eg har difor invitert meieriaktørane til eit møte den 6. november 2023, slik at dei får presentert sine ana­lysar og synspunkt direkte til meg.

Med helsing

Geir Pollestad