Svar på skriftleg spørsmål om sjølvforsyningsgrad og er erstatningene etter ekstremværet Hans

Landbruks- og matminister Geir Pollestad har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Olaug Vervik Bollestad (KrF) – Sjølvforsyningsgrad og er erstatningene etter ekstremværet Hans.

Svar på spm nr 914 til skriftleg svar frå stortingsrepresentant Olaug Vervik Bollestad – Sjølvforsyningsgrad og er erstatningene etter ekstremværet Hans

Eg viser til brev datert 15. januar 2024 med følgjande spørsmål til skriftleg svar frå representanten Olaug Vervik Bollestad:

«Hva er selvforsyningsgraden nå og tenker statsråden at erstatningene som ble gitt etter ekstremværet Hans er store nok til å gi trygghet til utsatte bønder, slik at selvforsyningsgraden blir økt?» 

Den norske sjølvforsyningsgraden var i 2022 på 47 pst. Dersom ein korrigerer for import av fôrråvarer, var sjølvforsyningsgraden på 40 pst. Tala for 2023 er ikkje publisert.

Som representanten viser til førte mellom anna ekstremvêret Hans til stor svikt i fjorårets planteproduksjon. Det same gjorde tørke tidlegare på sumaren. Etter ein slik sesong er ordninga med tilskot ved produksjonssvikt viktig for dei råka produsentane. Ordninga, inkludert satsane for dei ulike vekstane, er ein del av dei årlege jordbruksforhandlingane. Partane er einige om at ordninga skal vere ei katastrofeordning som skal bidra til videre produksjon. Derfor er det også ein eigenandel i ordninga på 30 prosent, som speglar normal variasjon i avlingar frå år til år. Ordninga er altså ikkje meint å vere ei erstatningsordning som dekkjer alle tap.

Det var gjennom hausten 2023 tett dialog mellom departementet og jordbruket om situasjonen. På grunn av dei særskilte forholda i fjorårets vekstsesong har regjeringa gjort fleire tilpassingar i produksjonssviktordninga for å avhjelpe situasjonen. Det er og som eit resultat av dialogen med jordbruket gjort varige forbetringar i ordningane knytt til naturskade.

Arbeiderpartiet og Senterpartiet har som mål å auke sjølvforsyningsgraden til 50 prosent. Auka sjølvforsyning vil vera eit viktig bidrag for å styrke matberedskap og vil gje grunnlag for auka verdiskaping i norsk jordbruk. Regjeringa vil derfor leggje fram ei stortingsmelding med strategi for auka sjølvforsyning av jordbruksvarer i løpet av våren.

Med helsing

Geir Pollestad