Svar på spørsmål om bistand til heimreise frå Gaza

Utanriksminister Espen Barth Eide svar på et spørsmål frå Lan Marie Nguyen Berg (MDG) om betaling for overnatting og flyreise for dei som fekk hjelp til å reise frå Gaza.

Skriftleg spørsmål nr. 479 (2023-2024)
Datert 20.11.2023

Frå representanten Lan Marie Nguyen Berg (MDG) til utanriksministeren:

Norske borgere som evakueres fra Gaza har vært igjennom livstruende hendelser. Mange er traumatiserte, og kan ha hatt store økonomiske belastninger ved å være innestengt på Gaza. Det er bra at Norge chartrer fly for å få folk hjem, men det meldes samtidig at de som evakueres bes om å betale opphold og hjemreise selv. Ved tidligere anledninger, som evakueringen fra Libanon i 2006 betalte staten. Vil utenriksministeren sørge for at evakuerte nordmenn fra Gaza kommer seg trygt hjem, uten å måtte betale for overnatting og flyreise?

Svaret frå utanriksministeren:

Det er ingen tvil om at desse menneska har vore utsette for ei kraftig påkjenning etter å ha gjennomlevd seks veker i ei krigssone. Det er mange små barn og personar med særskilde helsemessige behov, som ikkje alle vil vere i stand til å organisere og gjennomføre heimreise på eigenhand. Derfor har utanrikstenesta hjelpt til med utreise frå Gaza og over til Egypt, og deretter vidare til Kairo og Oslo. Utanrikstenesta har, i samarbeid med Norwegian, sett opp to chartra fly frå Kairo til Oslo.

Det er eit grunnleggjande prinsipp i UDs bistand til norske borgarar i utlandet at dersom norske styresmakter finn det rett å tilby bistand til utreise frå eit land, så har den enkelte sjølv ansvaret for å dekkje utgiftene til dette. Det gjeld òg i dette tilfellet, slik det gjorde for dei som tok imot assistert utreise frå Israel, frå Sudan tidlegare i år, og det gjeld for nordmenn i andre delar av verda som treng hjelp til transport. Det er òg derfor vi har reiseråd og oppmodar alle reisande til å passe på at dei har gyldig reiseforsikring. Alle vi har vore i kontakt med har fått informasjon om at dei må betale for opphald og fly i etterkant. Det er mogleg å ta opp nødlidenhetslån, utskrive av UD, dersom ein ikkje har midlar sjølv.

Retur til Noreg kostar 6500 kroner for vaksne og 1500 kroner for barn i alderen 2-18 år. Barn under 2 år reiser gratis. Prisen inkluderer visum, grensepassering i Gaza, buss til Kairo, hotell i Kairo, mat, nødpass og fly heim.

Samtidig understrekar vi at dette berre er eit tilbod for dei som ønskjer det. Dei som vi har hjelpt til med å komme ut frå Gaza, vel sjølv om dei ønskjer å vere med organisert transport sett opp av utanrikstenesta. Vi opplyser samtidig at ein berre kan opphalde seg i Egypt i inntil 72 timar før dei må reise vidare frå Egypt. Vi er kjende med at fleire har valt å ordne heimreisa si sjølv frå Egypt, anten til Noreg eller andre land som dei ev. har innreiserett til. Det er derfor fullt mogleg at nokon har reist til Noreg på eigenhand.

Norske styresmakter held fram med å jobbe på spreng for å hjelpe dei som framleis er i Gaza til komme seg ut, og med å gi helsehjelp og hjelpe til med transport og overnatting for dei som har komme ut.