Svar på spørsmål om evakueringa frå Afghanistan

Utanriksminister Espen Barth Eide sitt svar på eit spørsmål frå Erlend Wiborg (Frp) om evalueringa av evakueringa frå Afghanistan.

Skriftleg spørsmål nr. 682 (2023–2024)
Datert 12.12.2023

Frå representanten Erlend Wiborg (Frp) til utanriksministeren:

Hva konkret er evaluert i forbindelse med kaoset knyttet til evakueringen fra Afghanistan og vil regjeringen offentligjøre disse rapportene på lik linje med hva danske og amerikanske myndigheter har gjort?

Svaret frå utanriksministeren:

Samfunnstryggleiksinstruksen stiller krav til at alle hendingar skal evaluerast. Målet er å lære, slik at neste krise kan blir betre handtert enn den førre. Utanriksdepartementet gjennomførte derfor ein grundig, intern gjennomgang av evakueringa frå Kabul der alle involverte fekk høve til å dele erfaringane sine frå rolla si i operasjonen.

Evalueringa gjekk gjennom breidda i innsatsen til departementet og utanrikstenesta, eksempelvis, beredskapsplanverk, førebuingar til evakueringa, samarbeid med Forsvaret, krisestabsorganiseringa, balansering av omsyn, risikohandtering, informasjonsdeling, kommunikasjon, tidspunkt for avgjerder og varetaking av tilsette. Forsvarets forskingsinstitutt (FFI) engasjert for gjennomføringa for å sikre sjølvstende og perspektiv utanfrå. Samandraget av rapporten, som er lagt ut på regjeringa.no, beskriv dette meir i detalj.

Det blei medvite valt ei intern evaluering, og eg ønskjer ikkje å gjere om på statusen i evalueringsrapporten som internt dokument. Departementet ønskte at all tilgjengeleg informasjon skulle inngå i gjennomgangen, også gradert informasjon. Desse delane utgjer ein viktig del av rapporten og bakgrunnen for dei ugraderte drøftingane, slik at det ville gi eit misvisande bilete av rapporten samla sett å gi berre ut dei ugraderte delane.

Eit anna tungtvegande poeng er å sikre opne og frie vurderingar i interne evalueringsprosessar, noko som også er eit viktig omsyn bak offentleglovas føresegn om inntak for innsyn i interne dokument. FFI sin rapport var frå starten meint å vere ei intern evaluering med fokus på læringspunkt for departementet, og dei tilsette i departementet bidrog til gjennomgangen med det som klar føresetnad. For å sikre omsynet til open og frimodig meiningsutveksling, er det viktig at dokument som er meinte å vere interne held fram med å vere interne. Om rapporten på tvers av føresetnaden blir offentleggjord, risikerer ein at tilsette i seinare evalueringsprosessar er mindre villig til å dele sine vurderingar og erfaringar ope. Då vil det vere fare for at ein ikkje fullt ut oppnår læringseffekten som er hovudformålet med evaluering av hendingar.

Samtidig vektlegg eg at openheit rundt handtering av kriser er viktig for folks tillit til dei involverte statsorgana. Utanriksdepartementet har derfor lagt ut eit samandrag av rapporten på regjeringa.no. Eg meiner dette på ein god måte varetek både behovet for openheit om innhaldet i rapporten og informasjonssikkerheit og omsynet til open og fri meiningsutveksling internt i departementet.

For å svare på Stortingets interesse i saka vil eg òg orientere Stortinget om evalueringsrapporten på eigna måte, om det blir etterspurt.