Svar på spørsmål om evalueringsrapporten om uttrekkinga frå Afghanistan

Utanriksminister Espen Barth Eide sitt svar på eit spørsmål frå Guri Melby (V) om å utarbeide ein versjon av evalueringsrapporten om uttrekkinga frå Afghanistan som ikkje er tryggleiksgradert.

Skriftleg spørsmål nr. 611 (2023–2024)
Datert 06.12.2023

Frå representanten Guri Melby (V) til utanriksministeren:

Er utenriksministeren villig til å utarbeide en ugradert versjon av evalueringsrapporten om uttrekkingen fra Afghanistan, og kan denne i så fall deles med Stortinget på egnet måte?

Svaret frå utanriksministeren:

Samfunnstryggleiksinstruksen stiller krav til at alle hendingar skal evaluerast. Formålet er å lære, slik at neste krise kan blir betre handtert enn den førre. Utanriksdepartementet gjennomførte derfor ein grundig, intern gjennomgang av evakueringa frå Kabul; der alle involverte fekk høve til å dele erfaringane sine frå rolla si i operasjonen. Departementet ønskte at all tilgjengeleg informasjon skulle inngå i gjennomgangen, også gradert informasjon. Gitt omfanget og viktigheita til evakueringsoperasjonen, blei Forsvarets forskingsinstitutt (FFI) engasjert for gjennomføringa for å sikre sjølvstende og perspektiv utanfrå.

Som representanten er inne på i spørsmålet vil det ikkje vere høve til å gjere graderte delar av evalueringa offentleg. Desse delane utgjer ein viktig del av rapporten og bakgrunnen for dei ugraderte drøftingane, slik at det ville gi eit misvisande bilete av rapporten samla sett å gi berre ut dei ugraderte delane.

Men også eit anna viktig moment veg inn: Omsynet til å sikre opne og frie vurderingar i interne prosessar er eit viktig omsyn bak offentleglova sitt føresegn om unntak for innsyn i interne dokument. FFI sin rapport var frå starten meint å vere ei intern evaluering med fokus på læringspunkt for departementet, og dei tilsette i departementet bidrog til gjennomgangen med det som klar føresetnad. For å sikre omsynet til open og frimodig meiningsutveksling, er det viktig at dokument som er meinte å vere interne held fram med å vere interne. Om rapporten på tvers av føresetnaden blir offentleggjord, risikerer ein at tilsette i seinare evalueringsprosessar er mindre villig til å dele sine vurderingar og erfaringar ope. Då vil det vere fare for at ein ikkje fullt ut oppnår læringseffekten som er hovudformålet med evaluering av hendingar.

Eg ønskjer på denne bakgrunnen ikkje å gjere om på statusen i evalueringsrapporten som internt dokument. Samtidig vektlegg eg at openheit rundt handtering av kriser er viktig for folks tillit til dei involverte statsorgana. Utanriksdepartementet har derfor lagt ut eit samandrag av rapporten på regjeringa.no. Eg meiner dette på ein god måte varetek både behovet for openheit om innhaldet i rapporten og informasjonssikkerheit og omsynet til open og fri meiningsutveksling internt i departementet.