Svar på spørsmål om konsulær hjelp til norsk borgar i Filippinane

Utanriksminister Espen Barth Eide sitt svar på eit spørsmål frå Freddy André Øvstegård (SV) om bistand til nordmann i Filippinane.

Skriftleg spørsmål nr. 759  (2023-2024)
Datert 19.12.2023

Frå representanten Freddy André Øvstegård (SV) til utanriksministeren

Viser til oppslag i Nettavisen 16. desember om en norsk borger i Filippinene som ikke har økonomi til å komme seg hjem, etter at en regelendring fra 2020 førte til at mannen mistet barnetilleggene sine. Bør staten bistå nordmenn som er strandet utenlands på grunn av endrede regler med å komme hjem?

Svaret frå utanriksministeren:

Eg har forståing for at norske borgarar i utlandet kan oppleve sin økonomiske situasjon som forverra etter at utbetalingar av barnetillegg utanfor EØS fall bort som resultat av regelendringa vedteke av Stortinget i 2020. Den enkelte må sjølv halde seg orientert om endringar i eiga inntekt og trygderettar. Det er ikkje ansvaret til staten å hente heim personar som får dei økonomiske vilkåra for utanlandsopphaldet sitt endra.

Norske styresmakter tilbyr konsulær hjelp til norske borgarar i utlandet innanfor dei rammene som Stortinget har sett, under dette i Meld. St. 12 (2010-2011), jf. Innst. 396 S (2010–2011).

Eit berande prinsipp for konsulær hjelp er hjelp til sjølvhjelp, og ein stor del av bistanden til utanrikstenesta til norske borgarar er nettopp gjennom råd og rettleiing. Norske utanriksstasjonar dekkjer ikkje utgifter for nordmenn i utlandet. Ein er sjølv ansvarleg for å ha ei dekkjande reiseforsikring, tilstrekkelege midlar for å dekkje alle utgifter til opphaldet, og dessutan retur til Noreg. Foreldre har ansvar for eigne barn, også i utlandet. Norske borgarar som er fast busette i utlandet er langt på veg likestilte med andre som bur i landet - med omsyn til både rettar og plikter. Fastbuande nordmenn vil derfor visast til lokale styresmakter for bistand der dette er mogleg og naturleg.

I heilt spesielle tilfelle kan det søkjast om nødlidenhetslån ved ein norsk utanriksstasjon. Føresetnaden er at ein er i ein nødssituasjon og ikkje har nokon andre høve til å komme seg heim. Lånet skal dekkje heimreise til Noreg ved første høve. Lånet kan ikkje brukast til å finansiere vidare opphald i utlandet. Kriteria er vidare at ein er norsk statsborgar, har fast bustadadresse i Noreg og hevar lønn, pensjon eller trygd i Noreg – slik at ein kan betale lånet tilbake. Nødlidenhetslån må betalast tilbake ved heimkomst, gjennom Statens innkrevjingssentral.