Svar på spørsmål om Noreg sin deltaking i G20

Utanriksminister Espen Barth Eide sitt svar på eit spørsmål frå Kari Elisabeth Kaski (SV) om regjeringa vil orientere Stortinget om Noreg sine prioriteringar inn i G20-samarbeidet.

Skriftleg spørsmål nr. 991(2023-2024)
Datert  22.01.2024

Frå representanten Kari Elisabeth Kaski (SV) til utanriksministeren:

Vil regjeringen orientere Stortinget om Norges gjestemedlemsskap i G20 og Norges prioriteringer inn i dette samarbeidet?

Utanriksministerens svar:

Regjeringa har takka ja til Brasils invitasjon om å delta som gjesteland i G20 under formannskapa deira i 2024. I ein krevjande internasjonal situasjon er det i Noregs interesse å delta i G20 som er eit viktig forum for dialog mellom mange av dei største økonomiane i verda og viktigaste land. Som representanten påpeikar er G20 ein viktig arena for mellom anna internasjonalt økonomisk samarbeid. Deltaking i G20 er eit høve for Noreg til å påverke viktige avgjerder om dei store utfordringane i vår tid.

Arbeidet i G20 er organisert i tematiske arbeidsgrupper der fleire departement på norsk side vil vere involverte. Det vil i tillegg arrangerast ministermøte i løpet av året og eit toppmøte på statsleiarnivå i november. Arbeidet i dei ulike gruppene er i ferd med å starte opp. Eg vil orientere Stortinget nærmare om dette i den kommande utanrikspolitiske utgreiinga.