Svar på spørsmål om prøvesprenging av atomvåpen

Utanriksminister Espen Barth Eide sitt svar på spørsmål frå Ingrid Fiskaa (SV) om kva Noreg gjer for å oppretthalda norma mot prøvesprengingar av atomvåpen.

Skriftleg spørsmål nr. 116 (2023-2024)
Datert 13.10.2023

Frå representanten Ingrid Fiskaa (SV) til utanriksministeren:

Kva gjer Noreg for å oppretthalda norma mot prøvesprengingar av atomvåpen og for at atomvåpenstatane som ikkje har ratifisert Prøvestansavtalen (CTBT), inkludert vår allierte USA, skal ratifisera denne? 

Utenriksministerens svar:

Det globale nedrustingsarbeidet er under stort press. Det er difor viktigare enn nokon gong å arbeide for å bevare og styrke internasjonale avtalar som dannar rammeverket for global nedrusting og ikkje-spreiing. Prøvestansavtalen (CTBT) er avgjerande for å avgrense spreiinga av kjernevåpen til nye statar og for å stanse det kjernefysiske våpenkapplaupet. Noreg tok difor nyleg på seg eit leiarverv saman med Panama for den såkalla artikkel XIV-konferansen. Noreg har teke eit særskilt ansvar for å fremje global oppslutting til Prøvestansavtalen, og for at den blir sett i kraft.

Som ein del av dette leiarvervet har Noreg medverka til å forhandle fram ei politisk erklæring om at Prøvestansavtalen blir sett i kraft, som blei vedteke med konsensus av Dei sameinte nasjonane under høgnivåveka i september. Dette viser at det finns politisk vilje til samarbeid om sentrale nedrustingsspørsmål. 

Saman med Panama vil Noreg arbeide vidare for ytterlegare oppslutting frå statar som ennå ikkje har skrive under på/eller ratifisert avtalen, medrekna såkalla Annex II-land. Vi vil ta opp Prøvestansavtalen i relevante samtalar på både politisk- og embetsnivå.

Varselet frå Russland om at dei vil trekkje tilbake si ratifikasjon av Prøvestansavtalen er særs alvorleg. Noreg har saman med Panama sendt eit brev til russiske styresmakter der vi har gitt uttrykk for djup bekymring. Vi har òg oppfordra Russland til å avstå frå alle handlingar som kan undergrave avtalen. Vi forventar at alle land som har skrive under på avtalen forpliktar seg til å oppretthalde det globale moratoriet på kjernefysiske eksplosjonar som vi har hatt sidan tusenårsskiftet. Noreg vil saman med Prøvestansorganisasjonen (CTBTO) og eksekutivdirektør Robert Floyd, halde fram med å arbeide for at Prøvestansavtalen blir sett i kraft.

Medan vi ventar på at avtalen blir sett i kraft er det bygd opp eit verdsomspennande verifikasjonssystem. Dette har fleire hundre målestasjonar som kan registrere om land føretek prøvesprengingar. Verdas første og største målestasjon ligg i Noreg, som saman med fem andre stasjonar, driftast av NORSAR, Noregs nasjonale datasenter. Med hjelp av seismologiske måleinstrument, hydroakustikk og infralyd kan ein kontrollere om det går føre seg kjernefysiske eksplosjonar under jorda, under vatn og i atmosfæren. NORSAR har utvikla metodar i verdsklasse som kan skilje mellom naturlege ristingar (som til dømes jordskjelv) frå ristingane som oppstår ved kjernefysiske eksplosjonar. Dette gjer at Noreg har relevant kompetanse å bidra med internasjonalt.