Historisk arkiv

Svar på spørsmål om revidert nasjonalbudsjett og ytringsfridom

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Utanriksminister Anniken Huitfeldts svar på eit spørsmål frå Ingrid Fiskaa (SV) om kva postar utanriksministeren viser til som styrker arbeidet for ytringsfridom i regjeringa sitt forslag til revidert budsjett, og er utanriksministeren ueinig i analysen i regjeringa sitt forslag til revidert budsjett som slår fast at kuttet vil få konsekvensar for ytringsfridom.

Skriftlig spørsmål nr. 2225 (2021-2022).
Datert 02.06.2022

Fra representanten Ingrid Fiskaa (SV) til utanriksministeren:
Då utanriksminister Huitfeldt under ytringsfridomskonferansen Wexfo den 31. mai møtte kritikk for regjeringa sitt føreslåtte kutt i støtta til menneskerettsforkjemparar uttrykte ministeren at innsatsen for ytringsfridom samla sett er blitt større. Kva postar viser utanriksministeren til som styrker arbeidet for ytringsfridom i regjeringa sitt forslag til revidert budsjett, og er utanriksministeren ueinig i analysen i regjeringa sitt forslag til revidert budsjett som slår fast at kuttet vil få konsekvensar for ytringsfridom?

Svar frå utanriksministeren:
Russland sin åtakskrig mot Ukraina fører med seg enorme behov for bistand på kort og lang sikt, både humanitært og til gjenoppbygging. I tillegg har krigen skapt ein flyktningkrise. Dette er ein spesiell og krevjande situasjon som krev ekstraordinære tiltak for å verne flyktningar frå Ukraina.

Som det har vore gjort tidlegare, vil enkelte av utgiftene til å støtte ukrainske flyktningar etter at dei kjem til Noreg, måtte dekkjast over bistandsbudsjettet. Framlegget til omprioriteringar i det reviderte budsjettet omfattar mange postar, mellom anna den målretta støtta til menneskerettar (kapittel 152 Menneskerettar, post 70 Menneskerettar).

Vi skal framleis bruke over ein halv milliard kroner på målretta menneskerettstiltak (535,5 millionar kroner etter kutt). Omprioriteringa vil likevel få konsekvensar for den finansielle støtta til menneskerettar, medrekna ytringsfridom. Eg forstår at dette kan opplevast som krevjande for partnarar som må tilpasse seg ein endra budsjettsituasjon. Samstundes har satsinga på det normative og politiske arbeidet med ytringsfridom høg prioritet, i tråd med den politiske plattforma til regjeringa.

Eit døme på at arbeidet vert styrkt gjennom oppfølginga av strategien for ytringsfridom i utanriks- og utviklingspolitikken, er at Noreg nyleg er vorten medlem i Media Freedom Coalition, eit samarbeid mellom over 50 land og sivilsamfunnet for å fremje pressefridom. Eit anna døme er innsatsen for auka vern av kunstnarar og ytringsfridommen deira gjennom Unesco. Eit tredje døme er den løpande dialogen vi har med norske og internasjonale organisasjonar som får støtte frå UD til prioritert innsats retta mot journalistar og uavhengige medium i Ukraina og andre land der ytrings- og pressefridommen er under stort press.