Tenestene til barn og unge har stabilisert seg

Koordineringsgruppa som vart nedsett for å følgje med på tenestetilbodet til sårbare barn og unge jobbar framleis med å kartlegge situasjonen og kome med forslag til tiltak som kan gjere koronasituasjonen betre for barna.

Koordineringsgruppa har no levert sin åttande rapport til barne- og familieministeren. Her kan du lese rapporten.

- Vi har sagt frå første dag med koronakrisa at å sikre eit godt tilbod til barn og unge er noko av det viktigaste vi kan gjere. Eg er glad for at koordineringsgruppa framleis held trykket oppe for å følgje med på at sårbare barn og unge får den hjelpa dei har rett på. Det vil bli viktig så lenge denne krisa varer, seier barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad.

Hovudbildet i den siste rapporten er at tenestene til barn og unge har stabilisert seg, men at dei fleste tenestene framleis er noko råka av smitteverntiltaka. Til dømes vert det meldt om eit etterslep av vaksinasjonar av småbarn, og det kan vere redusert kontakt med fastlegane. På spørsmål om kor godt dei vil kunne oppretthalde tenestetilbodet ved ei ny smittebølge, svarer dei fleste at dei vil kunne ha eit redusert tenestetilbod.

- Sjølv om vi er i ein krevjande situasjon med koronapandemien, er det viktig at barn og unge får god oppfølging. Vi er uroa for at vi ser eit etterslep i 15-månadsskontrollen med vaksinering på helsestasjonane. Folkehelseinstituttet følgjer derfor nøye med på utviklinga og vurderer moglege tiltak, seier helse- og omsorgsminister Bent Høie.

Rapporten gjer det tydeleg at skular ikkje kan stenge ned som eit førebyggingstiltak, og at mindre inngripande tiltak skal prøvast før stenging.

– Igjen blir vi minna på kor viktig barnehagar og skular er. Den spesielle situasjon vi er i kan få langvarige konsekvensar for barn og unge som står i fare for å falle ut av skulen. Mange av dei sårbare elevane kan ha behov for ekstra støtte framover. Difor har vi sett av 170 millionar i år til å redusere tapt progresjon. Vi foreslår å forlenge tiltaket med 170 millionar også i 2021-budsjettet, slik at desse elevane får høve til å ta igjen det tapte, seier kunnskapsminister Guri Melby.

Det vil bli levert nye rapportar frå koordineringsgruppa i byrjinga av november og byrjinga av desember.

Her kan du lese om mandatet til koordineringsgruppa og kven som er med.

Her kan du lese dei tidlegare rapportane:

Rapport 1

Rapport 2

Rapport 3

Rapport 4

Rapport 5

Rapport 6

Rapport 7