Utgreiing av nytt regelverk for grøne obligasjonar

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Finansdepartementet har i dag bedt Finanstilsynet om å vurdere korleis forventa EØS-reglar om grøne obligasjonar bør gjennomførast i norsk rett. Fristen for oppdraget er 15. desember 2022.

Europakommisjonen fremma 6. juli 2021 eit forslag om ei forordning om europeiske grøne obligasjonar. Forslaget inneber at det blir etablert ein frivillig europeisk standard for grøne obligasjonar («European green bonds standard»). Slike obligasjonar må finansiere prosjekt eller verksemd som oppfyller kriteria i EUs taksonomi for berekraftig økonomisk aktivitet. Etter forslaget blir det krav om ekstern verifisering av grøne obligasjonar, og dei som verifiserer grøne obligasjonar skal bli registrert og lagt under tilsyn.

Forordningsforslaget blir vurdert som EØS-relevant, men er ikkje endeleg vedtatt i EU. Finansdepartementet har gjort greie for forslaget frå Europakommisjonen i kapittel 5.3.3 i Finansmarknadsmeldinga 2022.

Finansdepartementet har bedt Finanstilsynet om å greie ut behovet for endringar i norsk rett for å gjennomføre forventa EØS-forpliktingar som svarer til forordninga. Finanstilsynet skal sende over utkast til reglar og eit høyringsnotat innan 15. desember 2022.

Les meir: