Utval skal foreslå endringar i husleigelova

– Husleigelova er ei viktig lov for rundt ein million leigarar, og for dei som leiger ut. Vi legg no opp til ein god og grundig gjennomgang av lova, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp)

Husleigelova set rammene for kva ein kan avtale i leigeavtaler, mellom anna lengda på kontrakten, kor mykje husleiga kan auke kvart år og når det er mogleg å seie opp ei leigeavtale.

Det skal vere trygt å leige

Gjelsvik understrekar at mykje fungerer godt i leigemarknaden, men at det er nokre utfordringar.

– Utvalet skal gå gjennom husleigelova og mellom anna vurdere, og foreslå, endringar som styrker leigarar sine rettar, sikrar grunnleggjande butryggleik og som gjer at lova er tilpassa situasjonen i leigemarknaden, seier Gjelsvik.

Utvalet skal òg vurdere endringar som gjer at lova betre enn i dag tek hand om interessene til dei ulike aktørane i leigemarknaden på ein god og samfunnstenleg måte.

I tillegg ønskjer statsråden at utvalet skal sikre at lova har eit klart språk.

– Lova er gjerne det første møtet med juridiske uttrykk for mange, slik som unge leigarar og bustadeigarar som skal leige ut ein del av bustaden sin. Derfor er det ekstra viktig at reglane er enkle å forstå, seier Gjelsvik.

Balansert utval

Forskar ved Velferdsforskningsinstituttet NOVA, OsloMet, Jardar Sørvoll skal leie utvalet, som er sett saman av medlemmer som representerer interessene til ulike organisasjonar i leigemarknaden, juristar og forskarar.

– Utvalet har eit stort og spennande arbeid framfor seg, på eit område som betyr mykje for liva til svært mange menneske. Eg gler meg til å gå i gang, seier Sørvoll.

Gjelsvik seier samansettinga vil gi arbeidet god legitimitet.

– Her har vi eit mandat og et utval som gjer at vi får ei brei og balansert tilnærming til vanskelege avvegingar. Eg trur utvalet er godt rusta for både diskusjonar og kompromiss.

Stortingsmelding om bustadpolitikken kjem våren 2024

Utvalet skal levere ein delrapport innan 31. januar 2024 og ein sluttrapport innan 15. oktober 2024. Gjelsvik håpar utvalet vil kome med gode forslag til løysingar på nokre av utfordringane med dagens lov.

Samtidig arbeider regeringa med ei melding til Stortinget om ein heilskapleg bustadpolitikk, der leigemarknaden blir eit viktig tema.

Utvalgsmedlemmer:

Leiar:

Forsker I Jardar Sørvoll, Nordre Follo

 

Medlemmer:

Jurist Silje Flack Bergby, Trondheim

Advokat Benedicte Björkfors, Bodø

Politisk rådgiver Hanne Beth Borge, Oslo

Advokat Kristoffer Dons Brøndbo, Tromsø

Professor Torfinn Harding, Stavanger

Direktør Bjarte Høysæter, Bergen

Eiendomsforvalter Maren Kartvedt, Bergen

Advokat Anders Leisner, Oslo

Student Dalin Malek, Asker

Daglig leder Kathrine Emilie Standal, Trondheim

Daglig leder Lars Aasen, Nesodden

Mandat:

Her kan du lese heile mandatet til utvalet.