Utviding av gjeldsregisteret på høyring

Regjeringa føreslår no å utvide gjeldsregisteret til å også gjelde sikra gjeld, som lån til bil og bustad. Forslaget blir no sendt ut på høyring.

– Gjeldregistrane inneheld i dag berre usikra gjeld, som til dømes forbrukslån og kredittkort. Gode erfaringar med ordninga gjer at eg no føreslår ei utviding med pantesikra gjeld, noko som i praksis vil bety gjeld på bustad og bil. Det er ein fordel om denne gjelda òg kan synleggjerast og takast omsyn til når bankane skal gje lån, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp).

Mange forbrukarar slit med høg forbruksgjeld. Det er viktig at forbrukarar ikkje får tatt opp så mykje lån at dei får betalingsvanskar. Bankane må derfor gjere ei god kredittvurdering, noko gjeldsregisterordninga frå 2019 legg til rette for. Gjennom ordninga kan bankane undersøke kor mykje forbruksgjeld kundane har frå før når dei skal vurdere ein lånesøknad.

Det har kome fram innvendingar om at ei utviding med pantegjeld kan skape utfordringar for personvernet. Dette har departementet gjort ei grundig vurdering av, og kome fram til at utvidinga er forsvarleg med omsyn til personvern.

– Målet med utvidinga av ordninga er at færre personar i framtida vil oppleve problem som følgje av for høg forbruksgjeld, seier Toppe.

Les høyringa her. Høyringsfristen er satt til 14. oktober.

Du kan lese meir om gjeldsinformasjonslova her.