Vestland fylkeskommune fekk pris for gode språklovstiltak

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Vestland fylkeskommune vart i dag heidra som årets nynorskkommune for grundig og gjennomtenkt arbeid med nynorsk på alle samfunnsområde.

Fylkesordførar og statsråd på scena med blomster og diplom.
Fylkesordførar Jon Askeland og kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen under prisutdelinga på Litteraturhuset i Oslo. Foto: Elisabeth Stavem / KUD

– God og klar kommunikasjon på innbyggaranes eige målform er ei forutsetning for ei open og effektiv samhandling mellom kommunar og innbyggarar. Gjennom godt språkarbeid støtter kommunane opp under språkleg fellesskap og identitet. Språkbrukarane skal ikkje ha ansvaret åleine for å ta vare på språket vårt, det skal vi gjere som eit fellesskap, sa kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen under dagens prisutdeling.

I år har juryen sett særleg positivt på kommunar som har sett i gang tiltak for å etterleve krava i den nye språklova.

Vestland fylkeskommune var best i si klasse og utkonkurrerte sine eigne kommunar Kvam, Bergen og Stad. Vinje kommune i Vestfold og Telemark var òg blant dei nominerte kommunane. 

Fylkeskommunen har mellom anna oppdatert retningslinene for klart språk og god nynorsk slik at dei samsvarar med språklova, orientert om språklova på avdelings- og seksjonsmøte og sendt ut Språkrådets digitale kurs om språklova til over 6000 tilsette.

«Vinnaren har arbeidd grundig og systematisk for å sikre at tilsette kjenner språklova, og at dei har kompetanse og høve til å følgje opp. Dei syner strategisk leiarskap, og nynorskarbeidet har ringverknader for heile regionen», står det i grunngjevinga frå juryen.

Frå i år deler Kultur- og likestillingsdepartementet og Språkrådet ut prisen «Årets nynorskkommune» annakvart år, og prispotten er dobla til 200 000 kroner. Prisen ble delt ut av kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen på Litteraturhuset i Oslo 24. oktober.

Fylkesordførar og statsråd på scena under prisutdelinga
Foto: Elisabeth Stavem / KUD