Vil modernisere verjemålsordninga

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Regjeringa vil styrke retten til sjølvråderett for alle som treng støtte av verje. I tillegg foreslår regjeringa fleire andre grep for å modernisere verjemålsordninga.

Lovendringane som blir foreslått,  tydeleggjer at alminnelege verjemål skal være frivillige støttetiltak for personar som ønskjer og treng verje. Vilja til personen som har eller kan få oppnemnd verje, skal etter forslaget være førande, også der han eller ho har vanskeleg for å formulere eller halde fast ved ønska sine.

Den norske verjemålslova er utforma mellom anna for å ivareta Noregs plikter etter FN-konvensjonen om rettane til menneske med nedsett funksjonsevne (CRPD). Eit mål med endringane er at dei prinsippa som konvensjonen byggjer på, særleg prinsippa om sjølvråderett og støtte til å bestemme over eige liv, skal komme tydelegere fram i lova.   

Mellom anna blir det foreslått ei presisering av at alminneleg verjemål ikkje kan opprettast for ein person som ikkje ønskjer det, og føringane for korleis verja skal ta omsyn til vilja til personen han eller ho er verje for, blir tydelegare. I tillegg blir det foreslått ei skjerping av statsforvaltarens plikt til å gjennomføre ein samtale med personen det er aktuelt å opprette verjemål for.  

Blant andre forslag i proposisjonen er innføring av ein klage- og kravsrett for nære pårørande i verjemålssaker, endringar i reglane om underretning til nærståande, endringar i saksbehandlingsregler der retten har avgrensa ein persons rettslege handleevne, ei utviding av mindreårige sin medråderett, og ein utvida adgang for gåvegivar til å bestemme at midlar skal forvaltast på ein særskilt måte. 

Departementet fortsett arbeidet med ein heilskapleg gjennomgang av heile verjemålslova, mellom anna for å følgje opp Stortingets einstemmige anmodningsvedtak frå april 2021.  

Prop. 141 L (2021–2022) Endringer i vergemålsloven mv. (vergemål som frivillig støttetiltak mv.)