Statsbudsjettet 2024:

Vil styrke det seriøse arbeidslivet med 20 millionar kroner

Regjeringa foreslår å styrke arbeidet mot sosial dumping og arbeidslivskriminalitet og useriøsitet i arbeidslivet med 20 millionar kroner.

– Regjeringa fører ein aktiv politikk for å bekjempe sosial dumping og hindre at menneske blir utnytta på jobb. Derfor forsterkar vi det lokale samarbeidet i Innlandet fylke mellom Skatteetaten, politiet, Arbeidstilsynet og Arbeids- og velferdsetaten med 15 millionar kroner. I tillegg får Arbeidstilsynet styrka budsjettet sitt med 5 millionar kroner, seier arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen.

Dei 15 millionar kronene til Innlandet vil gi ein vesentleg auke i kapasiteten til det  tverrfaglege etatssamarbeidet mot arbeidslivskriminalitet. Dei ekstra pengane til Arbeidstilsynet skal bidra til å gjere etaten endå meir synleg og til stades i arbeidslivet.

– Arbeidstilsynet er noko av det viktigaste vi har for å avsløre sosial dumping og useriøsitet. Derfor har regjeringa gitt Arbeidstilsynet i oppdrag å føre meir tilsyn, gi fleire straffegebyr og politimelde alvorleg arbeidslivskriminalitet. Med dei pengane vi no foreslår, har regjeringa styrkt Arbeidstilsynet med nærmare 70 millionar kroner sidan vi overtok regjeringsmakta, seier Mjøs Persen.