Vitskapskomiteen for mat og miljø – oppnemning av ny komité

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Helse- og omsorgsdepartementet har oppnemnd ny vitskapskomité for mat og miljø (VKM). Totalt 123 forskarar er oppnemnd for perioden 1. september 2022 – 31. august 2026.

Oppnemninga skjer i samråd med Klima- og miljødepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet og Landbruks- og matdepartementet.

Faglege uavhengige medlem

Komiteen er satt saman med sikte på å ha ei brei tverrfagleg kompetanse. Medlemmane er fagleg uavhengige og deltar i kraft av si ekspertise.

Komiteen er inndelt i 13 ulike faggrupper, og leiarane i dei ulike faggruppane dannar hovudkomiteen.

– Eg er takknemleg for at så mange kompetente forskarar set av tid for å arbeide i VKM. Dermed får styresmaktene uavhengige og solide faglege vurderingar som betyr mykje for å sikre helsemessig trygg mat og at omsynet til miljøet blir tatt vare på, seier helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol.

Vitskapskomitéen for mat og miljø

På oppdrag frå Mattilsynet og Miljødirektoratet utarbeider Vitskapskomiteen for mat og miljø (VKM) uavhengige vitskapelege risikovurderingar av forhold som har betyding for helsemessig trygg mat og for miljøet. Risikovurderingane nyttast til å gi råd, gi tillatingar, utvikle regelverk og gi innspel til departementa.