KORO - Kunst i offentlege rom / Kunst i offentlige rom
Ekstern verksemd | underliggande etat | Kultur- og likestillingsdepartementet
KORO - Kunst i offentlege rom er staten sitt fagorgan for kunst i offentlege rom og den største kunstprodusenten i landet.
Kjerna i KORO si verksemd er planlegging, gjennomføring og kvalitetssikring av kunstprosjekt. KORO legg vekt på mangfald og nyskaping i kunstproduksjon som når eit breidt publikum i byar og distrikt over heile landet.
Saman utgjer desse kunstverka den største og mest besøkte kunstsamlinga vi har her i landet, og KORO arbeider for å sikre god forvaltning av verka.
Formidling av kunstprosjekta og utvikling av ein diskurs på feltet kunst i offentlege rom er eit prioritert satsingsområde.
Nettside: http://www.koro.no/