11. Busetjingskriterium...

11. Busetjingskriterium for fylkeskommunane

Innanfor den tidsramma som referansegruppa har hatt til disposisjon for arbeidet sitt, har det ikkje vore mogeleg å utvikle nye busetjingsmål både for kommunar og fylkeskommunar. Referansegruppa har ut i frå dette prioritert arbeidet med busetjingsmålet for kommunane. Det kan også vere ein fordel at ein i arbeidet med utvikling av eit nytt busetjingsmål for fylkeskommunane kan byggje på kunnskapen frå arbeidet med kommunane.

Referansegruppa føreset at Kommunal- og regionaldepartementet følgjer opp arbeidet med utvikling av eit nytt busetjingsmål for fylkeskommunane.

På oppdrag frå Kommunal- og regionaldepartementet, har Nord-Trøndelagsforskning gått gjennom litteratur om føreliggjande forsking om kostnadsforhold i fylkeskommunal tenesteproduksjon innanfor vidaregåande skule og helsesektoren. Litteraturgjennomgangen var meint å vere eit grunnlag for ei vurdering av om og eventuelt korleis ein skulle gå vidare med forskingsprosjekt innanfor felta kostnadsvariasjonar innan vidaregåande opplæring og helsesektoren (sjukehussektoren) grunna busetjingsmønster.

Kommunal- og regionaldepartementet gjennomfører for tida eit forskingsprosjekt som skal danne grunnlaget for ein full gjennomgang av eksisterande kostnadsnøkkel for lokale ruter i inntektssystemet. Ein gjennomgang av kostnadsnøkkelen for lokale ruter vil ta sikte på å analysere innverknaden ulike faktorar har på dei fylkesvise forskjellane i utgifter til lokale ruter. Dette kan vere faktorar som t.d. fysisk lokalisering av innbyggjarane (reisetid og avstand), skular og arbeidsplassar, geografiske særtrekk og grunnlag for å utnytte takstpolitikken. Vidare arbeid med busetjingskriteria for fylkeskommunane må samordnast med arbeidet knytt til kostnadsnøkkelen for lokale ruter.

11.1 Helsesektoren

Spreiddbygdkriteriet i kostnadsnøkkelen for fylkeskommunane i inntektssystemet fram til og med 1996 var dels grunngjeve med at spreidd busetjing og lange reiseavstandar gjev ein desentralisert sjukehusstruktur med mange små sjukehus. Analysane som Inntektssystemutvalet føretok, dokumenterte ikkje samanheng mellom busetjingsmønster og sjukehusutgifter.

I Sverige blir kompensasjon for spreiddbygd busetjing grunngjeve med at slik busetjing gjev meirkostnader p.g.a. små produksjonseiningar (sjukehus) og høgare transportkostnader. Kostnadsdata derifrå viste at kostnadene auka med avstanden frå länssjukehuset og med eit avtakande innbyggjargrunnlag.

Referansegruppa ser ikkje vekk frå at busetjingsmønsteret kan påverke kostnadene til fylkeskommunane i helsesektoren. Indirekte kan busetjingsmønsteret m.a. ha verknad på nødvendig omfang av fylkeskommunale sjukehustenester. Slike forhold kan t.d. vere ulik spesialistdekning, ulike høve til poliklinisk behandling og dagkirurgi som alternativ til innlegging. Spreidd busetjing kan også krevje fleire sjukehus med akuttberedskap dersom ein skal kunne tilby innbyggjarane eit likeverdig tilbod. Desse tilhøva bør ein sjå nærmare på. Det same gjeld problemstillingar rundt psykiatri, ambulanse og rusvern.

Litteraturgjennomgangen til Nord-Trøndelagsforskning viser at forskingsresultata på norske kostnadsdata har gått i ulike retningar m.o.t. at busetjingsmønster er ein utsegnskraftig variabel for å forklare forskjellar i driftsutgifter til somatiske sjukehus.

11.2 Vidaregåande opplæring

Litteraturgjennomgangen til Nord-Trøndelagsforskning viser at det ikkje er gjennomført mange kostnadsanalysar av vidaregåande opplæring i dei seinare åra. I den refererte litteraturen er det heller inga semje om samanhengen mellom kostnader og busetjingsmønster. Nord-Trøndelagsforskning påpeikar vidare at problemet med kostnadsanalysar av vidaregåande opplæring er at 19 fylkeskommunar gjev få observasjonar som grunnlag for analysar, og at resultata derfor blir lite statistisk robuste. Eit alternativ er å gjere analysar på institusjonsnivå (skule), men dette set store krav til datamaterialet. I den forskingslitteraturen som er gjennomgått er det ingen eksempel på studiar på et mindre aggregert nivå enn fylkeskommunane.

Innan vidaregåande opplæring blir skyssutgiftene dekte av fylkeskommunane. I tillegg dekkjer fylkeskommunane delvis skyssutgiftene for barn i grunnskulen (kommunane dekkjer billettprisen). Desse utgiftene inngår i fylkeskommunale utgifter til samferdselsføremål. Kommunal- og regionaldepartementet er i ferd med å initiere eit prosjekt for å forbetre kostnadsnøkkelen for lokale ruter.

Inntektssystemet skal setje fylkeskommunane i stand til å yte likeverdige tenester. I dette ligg det at tenestene må vere tilgjengelege for brukarane. Eit spreiddbygd fylke må ut frå dette vurdere å tilpasse tenestetilbodet med å etablere fleire vidaregåande skular. Spreidd busetnad vil på denne måten kunne påverke kapasitetsutnyttinga og såleis forårsake ein dyrare produksjon.

Referansegruppa meiner at desse forholda bør undersøkjast, og føreset derfor at Kommunal- og regionaldepartementet følgjer opp arbeidet med utvikling av eit nytt busetjingsmål for fylkeskommunane.

Lagt inn 11. februar 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen