Vedlegg

Vedlegg

Referanseliste

Aaberge R. og Langørgen A. (1997)
Fiscal and spending behaviour of local governments: An empirical analysis based on norwegian data. Discussion paper 196, Statistisk sentralbyrå.

Engebretsen, Ø. (1998)
Nytt kriterium for bosettingsmønster i inntektssystemet.
Transportøkonomisk institutt, Oslo. Rapport 389/1998

Kommunal- og arbeidsdepartementet (1990)
Personminutter. Nytt mål på befolkningens geografiske fordeling. Oslo.

Langørgen, A. (1998)
Indekser for bosettingsmønster i kommunene.
Statistisk sentralbyrå, Oslo- Kongsvinger. Notater 98/12

Langørgen, A. (1998)
Virkninger av lokalt bosettingsmønster på kostnader i kommunal tjenesteyting.
Statistisk sentralbyrå, Oslo- Kongsvinger. Rapport 98/13

Statistisk sentralbyrå (1992)
Folke- og boligtellingen 1990, Oslo- Kongsvinger. Kommunehefter.

Westeren, K. I. (1997)
Kostnadsanalyser av helsesektoren og videregående opplæring - en litteraturstudie.
Nord-Trøndelagsforskning, Steinkjer. NTF-notat 1997:17

Vedlegg 1

Vurderingsskjema

  • Sonene skal ikkje vurderast ut i frå den faktiske organiseringa av grunnskule- og heimebaserte omsorgstenester i kommunen.
  • Sonene skal vurderast ut i frå om storleiken på sonene og inndelinga kan vere høveleg
    for organisering av grunnskule- og heimebaserte omsorgstenester.

Spørsmål 1a:

Kor godt kan hovudtrekka i soneinndeling A (vedlegg 2) representere tenesteytingsområde for grunnskuletenester i kommunen?

Kryss av:
Mykje godt
Godt
Nokså godt
Lite godt

Spørsmål 1b:

Dersom svaret på spørsmål 1a var «lite godt»: forklar kort kvifor.
Dersom det er geografiske hindringar i vegen for inndelinga, omtal dette kort og legg ved ei skisse.

Spørsmål 2a:

Kor godt kan hovudtrekka i soneinndeling A (vedlegg 2) representere tenesteytingsområde for heimebaserte omsorgstenester (heimehjelp og heimesjukepleie) i kommunen?

Kryss av:
Mykje godt
Godt
Nokså godt
Lite godt

Spørsmål 2b:

Dersom svaret på spørsmål 2a var «lite godt»: forklar kort kvifor.
Dersom det er geografiske hindringar i vegen for inndelinga, omtal dette kort og legg ved ei skisse.

Spørsmål 3a:

Kor godt kan hovudtrekka i soneinndeling B (vedlegg 3) representere tenesteytingsområde for heimebaserte omsorgstenester (heimehjelp og heimesjukepleie) i kommunen?

Kryss av:
Mykje godt
Godt
Nokså godt
Lite godt

Spørsmål 3b:

Dersom svaret på spørsmål 3a var «lite godt»: forklar kort kvifor.
Dersom det er geografiske hindringar i vegen for inndelinga, omtal dette kort og legg ved ei skisse.

Evt. andre korte kommentarar til soneinndelingane

Vedlegg 2

Effekten av kommunestruktur

I arbeidet med å utvikle eit nytt busetjingsmål må ein ta utgangspunkt i dagens kommunestruktur. Ved samanslåing av delområde til soner har dette derfor skjedd innanfor kommunegrensene. I samband med organisering av grunnskuletenester og heimebasert omsorgstenester vil ikkje kommunegrensene i alle høve vere det mest høvelege området å organisere tenestene innanfor. I mange kommunar kan organisering av tenesteyting på tvers av kommunegrensene vere det mest rasjonelle.

I 1997 vart det sett i gang utgreiingar i seks område som m.a. skal utgreie konsekvensane av kommunesamanslåingar. Utreiingane skal m.a. sjå på verknadene av samanslåing på dei statlege overføringane gjennom inntektssystemet. For desse områda som det pågår utreiingar i er det utrekna kriterieverdiar for busetjingsindikatoren «Reiseavstand i 2000-soner». Utrekninga av kriterieverdien for det nye busetjingsmålet kan illustrere verknaden av ei kommunesamanslåing av eit eventuelt nytt busetjingskriterium i inntektssystemet.

Tabellen nedanfor gjev ei oversikt over kriterieverdien for busetjingsmålet for kvar enkelt kommune som deltek i utgreiingsarbeidet, og kriterieverdien for dei samanslegne kommunane. Dersom ein samanliknar gjennomsnittsavstanden før samanslåing med gjennomsnittsavstanden for den nye samanslegne kommunen, vil det for hovudtyngda av kommunane ikkje gje noko vesentleg utslag, men for nokre kommunar får det noko verknad på kriterieverdien.

Tabell 2.1: Verknad på gjennomsnittsavstand til senterpunkt i 2000-soner ved ei eventuell samanslåing av kommunane Nord- Fron og Sør-Fron. Tabell frå TØI.

Kommune

Busette

Soner

Indikator

Nord-Fron

6 077

2

8,1

Sør-Fron

3 407

1

5,6

Sum/snitt

9 484

3

7,2

Samanslegen kommune

9 484

3

7,2

Tabell 2.2: Røyken og Hurum

Kommune

Busette

Soner

Indikator

Røyken

14 785

3

3,0

Hurum

7 827

2

4,5

Sum/snitt

22 612

5

3,5

Samanslegen kommune

22 612

5

3,2

Tabell 2.3: Våle og Ramnes

Kommune

Busette

Soner

Indikator

Våle

3 853

1

5,8

Ramnes

3 566

1

6,2

Sum/snitt

7 419

3

6,0

Samanslegen kommune

7 419

3

5,1

Tabell 2.4: Gaular, Jølster, Førde og Naustdal

Kommune

Busette

Soner

Indikator

Gaular

2 942

1

13,7

Jølster

2 965

1

20,1

Førde

9 468

2

5,3

Naustdal

2 679

1

8,3

Sum/snitt

18 054

5

9,5

Samanslegen kommune

18 054

5

11,0

Tabell 2.5: Hadsel, Bø, Øksnes, Sortland og Andøy

Kommune

Busette

Soner

Indikator

Hadsel

8 580

2

13,7

3 515

1

8,9

Øksnes

4 783

1

8,6

Sortland

8 515

2

6,1

Andøy

6 204

2

8,1

Sum/snitt

31 597

9

9,2

Samanslegen kommune

31 597

9

9,2

Tabell 2.6: Sørreisa, Torsken, Berg og Lenvik

Kommune

Busette

Soner

Indikator

Sørreisa

3 461

1

4,3

Torsken

1 218

1

21,6

Berg

1 214

1

62,5

Lenvik

10 850

3

10,6

Sum/snitt

16 743

6

13,9

Samanslegen kommune

16 743

5

21,0 (15,7)

Ved å samanlikne den nye indikatoren for den samanslegne kommunen med det vegde gjennomsnittet for enkeltkommunane, ser ein at samanslåing ikkje har stor negativ innverknad på indikatorverdien med unntak for området Gaular, Jølster, Førde og Naustdal og for området Sørreisa, Torsken, Berg og Lenvik. I sin rapport peikar TØI på at for området Gaular m.fl. kjem dette av at delområda er blitt gruppert saman på tvers av gamle kommunegrenser, og at dette fører til lengre reiseavstandar. Området Sørreisa m.fl. er samansett at fleire kommunar som har færre enn 2000 innbyggjarar. Desse kommunane er i dagens delområdeinndeling definerte som eit delområde, trass i at dei er kommunikasjonsmessig delte i to. Dersom ein antek at SSB vil lage nye delområdegrenser der det i dag manglar vegsamband, vil denne føresetnaden føre til at indikatoren for dei samanslegne kommunane blir redusert til 15,7.

Resultata med samanslegne kommunar illustrerer at ein ved kommunesamanslåingar ikkje i alle tilfelle får heilt representative uttrykk for verdien på indikatoren «Reiseavstand» når ein ikkje samtidig korrigerer delområdeinndelinga som sonene byggjer på. Ved kommunesamanslåingar kan dagens delområdeinndeling høve dårleg, og grunnlaget for inndelinga i soner bør derfor justerast. For at soneinndelingane skal vere representative, må delområdeinndelinga vere mest mogeleg oppdatert. Den alternative busetjingsindikatoren som er utvikla, «Reiseavstand til nabogrunnkrins» er ikkje avhengig av inndelinga i delområde. Nabogrunnkrins-indikatoren vil også endre seg etter kommunesamanslutningar, ettersom avstandar til nabogrunnkrinsar vil kome med eller bli fjerna i utrekningsgrunnlaget.

Vedlegg 3

Regel for samanslåing av delområde til soner

Det er nytta følgjande framgangsmåte ved samanslåing av delområde til soner (2000-soner som eksempel):

  • Finn fram til alle kommunar som har minst eitt delområde med færre enn 2000 innbyggjarar.
  • Innanfor kvar av dei utvalde kommunane, ta utgangspunkt i det delområdet som har færrast innbyggjarar og slå det saman med det nærmaste nabodelområdet som har færre enn 2000 innbyggjarar. Dersom ingen av nabodelområda har under 2000 innbyggjarar, blir det nærmaste delområdet valt (utan omsyn til innbyggjartalet). Dette gjev ei ny delområdeinndeling.
  • Dersom kommunen framleis har delområde med færre enn 2000 innbyggjarar, skal ein gjenta prosedyren. Ein tek då utgangspunkt i det delområdet i kommunen som no har færrast innbyggjarar, og slår den saman med det nærmaste nabodelområdet som har færre enn 2000 innbyggjarar. Dersom ingen av nabodelområda har under 2000 innbyggjarar, blir det nærmaste nabodelområdet valt (utan omsyn til innbyggjartalet).
  • Prosedyren skal repeterast heilt til den nye delområdeinndelinga gjev soner som alle har fleire enn 2000 innbyggjarar.
  • Reisetid blir brukt for å avgjere kva som er det nærmaste delområdet. Reisetid skal reknast mellom senterpunkta i delområda. Grunnkrinsen med flest busette er valt som definisjon av senterpunkt.

Framgangsmåten for samanslåing av delområde kan illustrerast i figur 3.1. Delområde 3 er det minste delområdet i kommunen. Dette ligg nærmast delområde 2, og desse to delområda blir slegne saman som følgje av regelen for delområdesamanslåing. Dette nye området har framleis mindre enn 2000 innbyggjarar. Det minste delområdet no er delområde 4. Delområdet som ligg nærmast delområde 4, er det nyleg samanslegne delområdet 2 og 3, og dette delområdet blir slege saman med delområde 4. Det nye området har til saman 2300 innbyggjarar, og det kan vere ei sone fordi det har over 2000 innbyggjarar. Delområde 5 er no det minste delområdet i kommunen. Delområde 1 ligg nærmast delområde 5, og desse to delområda blir slegne saman til eit område. Området har over 2000 innbyggjarar og blir derfor ei sone. Etter samanslåinga av delområda vil det vere registrert to soner i denne kommunen.

Figur 3.1: Samanslåing av delområde til soner.

Vedlegg 4

Forklaring av variasjonar i kommunale utgifter til utdanning

Anslag på parameter som inngår som komponentar i kommunane sine bundne kostnader i utdanning (målt i 1000 kroner pr. innbyggjar).

Kjelde: Audun Langørgen, SSB-rapport 98/13.

Tala i tabellen viser verdiar på koeffisientar som er blitt estimerte i analysen. Den avhengige variabelen er kommunane sine driftsutgifter til utdanning målt i 1000 kroner pr. innbyggjar. Koeffisientane kan tolkast som auken i kommunane sine bundne kostnader (målt i 1000 kroner) når ein bestemt forklaringsfaktor aukar med ei eining. Viss t.d. ei kommune får eit ekstra barn i skulepliktig alder, viser tabellen at utgiftene til utdanning vil auke med om lag 27 000 kroner.

Modell

1

2

3

4

5

6

7

8

9

Konstantledd

-0,77

-0,62

-0,44

-0,63

-0,63

-0,52

-0,73

-0,98

-1,27

(1,41)

(1,12)

(0,80)

(1,14)

(1,14)

(0,95)

(1,38)

(1,80)

(2,39)

Barn 7-15 år pr. innbyggjar

27,85

27,59

26,58

26,99

26,98

26,77

26,82

27,78

28,84

(8,53)

(8,12)

(8,09)

(8,28)

(8,30)

(8,18)

(8,12)

(8,06)

(8,65)

Psykisk utviklingshemma 7-15 år pr. innbyggjar

216,53

(2,33)

209,76

(2,30)

206,54

(2,26)

202,85

(2,23)

202,70

(2,23)

198,97

(2,22)

199,94

(2,23)

213,10

(2,34)

215,46

(2,42)

Kuldeindikator

0,16

0,16

0,14

0,15

0,14

0,14

0,14

0,16

0,18

(7,18)

(6,83)

(6,02)

(6,44)

(6,45)

(6,20)

(6,27)

(6,96)

(7,98)

Småkommunar

0,57

0,51

0,48

0,53

0,52

0,48

0,53

0,59

(4,65)

(4,15)

(4,19)

(4,50)

(4,49)

(4,17)

(4,78)

5,05)

Invers folkemengd

0,52

(2,31)

Andel busette tettbygd

-0,47

-0,39

-0,27

-0,31

-0,3

-0,25

(2,12)

(1,69)

(1,23)

(1,38)

(1,36)

(1,13)

Gjennomsnittleg reisetid til kommunesenteret

1,19

(5,97)

0,77

(1,73)

0,74

(2,50)

Gjennomsnittleg avstand til senterpunktet i kvar sone

0,25

(6,01)

-0,01

(0,13)

0,13

(2,20)

0,13

(2,27)

0,27

(6,48)

0,33

(8,38)

Gjennomsnittleg avstand til nærmaste nabogrunnkrins

1,29

(6,72)

0,94

(3,40)

0,93

(3,50)

1,02

(4,02)

1,08

(4,28)

R 2> justert

0,80

0,79

0,80

0,81

0,81

0,80

0,80

0,79

0,79

Vedlegg 5 Indikatorverdiar for alle kommunar


T-verdiar i parentes. T-verdiar på 2 eller høgare viser at anslaga er statistisk signifikante. I statistikken innebær dette at vi kan forkaste hypotesa om at den aktuelle variabelen ikkje har nokon verknad på kostnadene. >

R2 er eit uttrykk for forklaringskrafta til modellen. R2 lik 0,80, kan tolkast som at modellen klarer å forklare 80 prosent av kostnadsvariasjonen mellom kommunane. Parameterane er estimert simultant med 84 andre parameter ved hjelp av sannsynlegheitsmaksimering. Talet på observasjonar er 426 i modell 1 og 425 i modell 2-9. Kommunane Fredrikstad, Bærum, Oslo, Valle, Bykle, Sirdal, Balestrand, Tydal og Kvæfjord er haldne utanfor i alle modellar. Dessutan er Evenes utanfor i modell 2-9.>

Lagt inn 11. februar 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen