6. Datagrunnlaget for...

6. Datagrunnlaget for eit nytt busetjingsmål

Ved utvikling av nye kriterium for busetjingsmønsteret i kommunane og fylkeskommunane, er det naturleg å ta utgangspunkt i at kriteriet i ei eller annen form må reflektere forskjellar i reiseavstandar innan kommunen. Statistisk sentralbyrå si inndeling av kommunane i delområde og grunnkrinsar vil bli nytta i arbeidet med å utvikle kriterium for busetjingsmønster. Inndelinga i grunnkrinsar og delområde er dokumentert i m.a. kommunehefte frå folke- og bustadteljinga i 1990 frå Statistisk sentralbyrå.

6.1 Grunnkrinsar

Alle kommunane i landet er inndelte i mindre, faste geografiske einingar kalla grunnkrinsar. Til saman er Noreg inndelt i om lag 13 600 grunnkrinsar. Kvar innbyggjar i Noreg er knytt til ein bestemt grunnkrins via si bustadadresse. Det vil seie at kvar grunnkrins består av eit sett med adresser. Dette er nøkkelen for å kople innbyggjardata med grunnkrins. I kvar grunnkrins er det fastsett eit busetjingstyngdepunkt som viser kvar hovudvekta av innbyggjarane i grunnkrinsen er busette. I tillegg inngår ein kode for kva type samband det er mellom to grunnkrinsar (veg, ferje osv.).

Til kvar grunnkrins høyrer også med data for reiseavstandar mellom busetjingstyngdepunkta til alle nabogrunnkrinsar målt i 100 m og reisetid målt i minutt. Alle reisevegar går via busetjingstyngdepunkta i grunnkrinsane. Der det ikkje er vegsamband, blir avstanden målt som luftlinjeavstand. Tidsavstand er berre registrert som avstandsrelasjonar langs veg eller ved ferjesamband.

Grunnkrinsdata kan brukast til å rekne ut reiseavstandar mellom busetjingstyngdepunkt i ulike grunnkrinsar. Dette kan igjen brukast til å rekne ut reiseavstandar til innbyggjarane innan kommunen. Dersom det skal reknast ut avstandar mellom grunnkrinsar som ikkje er naboar, må det lagast eigne prosedyrar for å finne den kortaste reisevegen mellom to grunnkrinsar.

På figur 6.1 er grunnkrinsane i Rælingen kommune teikna inn (i alt 29 grunnkrinsar).

6.2 Delområde/bydel

Mellom grunnkrins og kommunenivået finst eit tredje nivå i datamaterialet til SSB. Ein kommune er inndelt i eitt eller fleire delområde/bydelar som igjen består av ein eller fleire grunnkrinsar. Delområda er i stor grad inndelte slik at dei fangar opp den «naturlege» bygdestrukturen i kommunane. Koplinga mellom grunnkrins og delområde ligg i kodinga av grunnkrinsnummeret. Innanfor delområdet kan ein også bruke avstandsdata til å rekne ut reiseavstandar. I alt er det 1 550 delområde i landet.

På figur 6.1 er dei fem delområda i Rælingen teikna inn. Alle grunnkrinsar som har likt det fyrste sifferet, utgjer eit delområde.

Figur 6.1: Inndeling av Rælingen kommune i grunnkrinsar og delområde.
Kjelde: Statens kartverk.

6.3 Datakvalitet

Kvaliteten på eit kriterium basert på opplysningar om grunnkrinsar og soner, vil i stor grad avhenge av kvaliteten på det datamaterialet som ligg i databasen. Grunnkrinsinndelinga må vere slik at inndelinga i seg sjølv ikkje varierer mellom kommunar på grunn av tilfeldige omstende.

Arbeidet med grunnkrinsinndeling av kommunar starta i Statistisk sentralbyrå i 1976. Data for grunnkrinsar og delområde er tilgjengelege m.a. i kommunehefte frå folke- og bustadteljinga i 1990. Prinsippa for grunnkrinsinndelinga vart utforma ved drøftingar med kommunane. Dette er nærmare omtalt i eit eige notat, «Veiledning ved inndeling av kommunene i grunnkretser», Statistisk sentralbyrå, 1977. Grunnkrinsane er utforma slik at dei skal vere stabile over ein rimeleg tidsperiode. Ein grunnkrins skal vere eit samanhengande geografisk område, og skal ha mest mogeleg einsarta natur, næringsgrunnlag, kommunikasjonstilhøve og busetnad. Folkemengd og areal skal ikkje variere for sterkt. Visse variasjonar i befolkningsgrunnlaget finst likevel - ein krins i spreiddbygde strøk kan ha under 100 innbyggjarar, medan dei tettast utbygde områda kan ha over 1000 innbyggjarar. Fordi grunnkrinsen skal vere stabil, er han ikkje knytt opp til tettstadavgrensinga. Ein grunnkrins kan derfor både innehalde tett og spreidd busetnad. Det er ikkje stilt krav om at grunnkrinsane skal falle saman med grensene for kyrkjesokn, skule- eller valkrinsar. Ubygde område er forsøkt skilt ut i eigne grunnkrinsar.

Boks 5: Grunnkrins og delområde

Landet er delt inn i om lag 13 600 grunnkrinsar av Statistisk sentralbyrå. Grunnkrinsane er utforma slik at dei skal vere stabile over ein rimeleg tidsperiode. Dei består av eit samanhengande geografisk område, og har mest mogeleg einsarta natur, næringsgrunnlag, kommunikasjonsforhold og bebygging.

Grunnkrinsane er gruppert saman til delområde (bydelar/bygdelag). I alt er det om lag 1 550 delområde i landet.

Lagt inn 11. februar 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen