8. Nærmare føresetnaderfor utrekning...

8. Nærmare føresetnaderfor utrekning av ny busetjingsindikator

I dette arbeidet er det valt ei tilnærming der kommunane blir delte inn i soner. Hovudalternativet er ei soneinndeling basert på ei nedre grense på 2000 innbyggjarar. For å fange opp variasjonar i busetjingsmønsteret, reknar ein ut ein indikator ved å summere reiseavstanden for alle innbyggjarane til senteret i den sona dei bur i. I så måte tek referansegruppa utgangspunkt i mykje av dei same utrekningsprinsippa som dagens kriterium «Reisetid» byggjer på. Men forskjellen er at ein tek utgangspunkt i soner ved utrekning, og ikkje heile kommunen. I dette kapitlet drøfter ein nærmare føresetnader som må liggje til grunn ved utrekningane av indikatoren.

8.1 Senterpunkt

Ved utrekning av avstand innanfor ei sone, må ein velje eit senterpunkt i kvar sone som målpunkt i avstandsutrekningane. Det er lagt vekt på at senterpunkta skal vere lette å finne på grunnlag av tilgjengeleg offentleg statistikk. Ideelt sett bør senterpunktet veljast slik at det er funksjonelt i høve til grunnskulesektoren og dei heimebaserte tenestene.

Senterpunktet i sona er definert som den grunnkrinsen med flest innbyggjarar. Eit grunnlag for dette alternativet kan vere at skular ofte er lokaliserte på ein stad som er eit kommunikasjonsmessig knutepunkt eller representerer ein innbyggjarkonsentrasjon innanfor sona. Det er to andre alternative datagrunnlag for senterpunkt: Enhetsregisteret i Statistisk sentralbyrå og GAB (Grunn-, Adresse- og Bygningsregisteret). Data registrert i Enhetsregisteret er per i dag ikkje kopla opp mot grunnkrinsdata og kan derfor enno ikkje brukast som grunnlag for å definere senterpunkt. I alternativet med GAB som datagrunnlag, er senterpunktet definert som den grunnkrinsen med den høgaste konsentrasjonen av varehandel, bank og forretningsmessig tenesteyting innanfor sona. Tanken bak dette alternativet er å sjå på busetjingsmønsteret i høve til kvar innbyggjarane må reise for å få utført tenester. I GAB er det berre registrert bygg som er oppførte etter 1984. Dette utgjer ei så stor feilkjelde at det kan vere vanskeleg å leggje GAB til grunn for ein senterpunktdefinisjon.

Figur 8.1: Avstand frå senterpunkt (grunnkrinsen med høgast innbyggjartal i sona)

til nærmaste skule. Alle kommunar. Tal i prosent. (TØI, 1998).

Det er utført enkle samanlikningar av senterpunkt og lokaliseringa av skular ved val av senterpunkt. Dette for å undersøkje om det ligg ein skule i den grunnkrinsen som er valt som senterpunkt. Resultata viser at det ligg ein skule i 45 prosent av senterkrinsane. Dersom ein også tek med skular som ligg i nabogrunnkrinsane til senterpunktet, ligg det skular i om lag 2/3 av grunnkrinsane som anten er senterpunkt eller i nabogrunnkrinsen til senterpunktet. Resultata viser at det er relativt bra samanfall mellom senterpunkta og lokaliseringsstader for skular. Ut i frå dette vurderer referansegruppa det slik at det er rimeleg å bruke grunnkrinsen med det høgaste innbyggjartalet som senterpunkt.

8.2 Kilometer eller minutt?

Ved utrekning av avstandar innanfor sonene, legg ein SSB sin grunnkrinsdatabase til grunn. I grunnkrinsdatabasen er avstandane mellom grunnkrinsane målte både i meter og i minutt. Er det vegsamband i grunnkrinsen, blir avstanden målt langs veg. Der det ikkje er vegsamband, er luftlinjeavstanden registrert. Reisetid er berre oppgjeve for avstandsrelasjonar langs veg eller ved ferjesamband. Tidsavstandane er utrekna etter dei oversiktene som finst over fartsgrenser og ferjetider. Hjelpemidla ved registreringa er kart med gjennomsnittsfarten på vegane, vegkart, NAF vegbok og Rutebok for Noreg.

Ein må ein ta stilling til om avstanden skal reknast i kilometer eller minutt. For sektorar der ein opererer med normer for kva reiseavstandar som kan aksepterast, vil det vere mest høveleg å måle avstanden i kilometer. Dette vil gjelde for skulesektoren, der det er reiseavstanden til elevane som avgjer om ein har rett på skuleskyss. For pleie- og omsorgssektoren er det både kostnader knytte til reiseavstand og til dei tilsette sin tidsbruk i samband med reisene.

Ei ulempe knytt til å måle avstand i kilometer er at ein ikkje klarer å korrigere for ulik vegstandard og fartsgrense. Fordelen med å bruke reisetid som avstandsmål er at ein klarer å fange opp desse to elementa fordi det slår ut i ulik tidsbruk. I så måte kan reisetid vere ei form for vekting av reiseavstandane. Det er særskilt i samband med måling av avstandar over sjø (t.d. ferjestrekningar) at kilometeravstanden vil vere unøyaktig som avstandsmål fordi ferjestrekningar er registrerte med luftlinjeavstand i avstandsdatabasen til SSB. Bruk av tidsavstand for ferjestrekningar ville vere ei betre avstandsregistrering enn kilometeravstand. Reisetidsgrensene for grunnskuleelevar er også lettare å operasjonalisere dersom ein bruker kilometer som avstandsregistrering. Ved å korrigere dei registrerte avstandane over sjø målt i kilometer, kan ein likevel finne gode tilnærmingar for å løyse dette. Referansegruppa har valt å leggje til grunn kilometer som måleeining for avstand.

8.3 Korrigering av avstand over sjø

Dersom ein legg til grunn at gjennomsnittsfarten på veg er 60 km/t og at gjennomsnittsfarten med ferje er 10 knop/t (svarer til 18.5 km/t), kan ein ut i frå desse føresetnadene multiplisere den registrerte luftlinjeavstanden for ferjestrekninga i databasen til SSB med faktoren 3 ved utrekning av eit «korrigert avstandsmål» for ferjesamband. Registrering av avstand for ferjestrekningar i tid eller kilometer vil ikkje bli så ulike etter denne korreksjonen.

Ved utrekning av avstandar på sjø utan ferjesamband, kan ein metode vere å gje avstanden eit fast tillegg målt i kilometer, og å multiplisere denne summen med 3. Det faste tillegget skal vere ein kompensasjon for ulemper knytte til manglande fast samband med fastlandet. Ein føreset at slike ulemper er jamt over større ved manglande ferjesamband, men at dei er likt fordelte uavhengig av reiseavstand. Referansegruppa foreslår eit fast tillegg på 4 kilometer til strekninga. Dette svarer til om lag 13 minutt, gitt 10 knop fart i timen.

Nabokrinsdatabasen i SSB legg inn 5 minutt ekstratid for ombord- og ilandkøyring. Referansegruppa foreslår derfor at det blir lagt inn ein fast kilometeravstand for det same i våre avstandsutrekningar. Dersom ein framleis tek utgangspunkt i 10 knop foreslår referansegruppa at det blir lagt til ekstra 1.5 km på ferjestrekninga. Denne avstandskorrigeringa inngår ikkje i avstandsgrunnlaget som skal multipliserast med 3.

Oppsummering

  • Alle sjøstrekningar med ferjesamband blir multipliserte med 3 ved utrekning av avstand.
  • Det blir lagt til 4 kilometer til alle sjøstrekningar utan ferjesamband for å korrigere for ekstra ventetid knytt til ulempe med manglande ferjesamband. Deretter blir dette talet multiplisert med 3 ved utrekning av avstand.
  • Det blir lagt til 1,5 kilometer til alle sjøstrekningar for å korrigere for tid brukt til ombord/ilandkøyring.
  • Det blir ikkje korrigert for ventetid på ferjer, då ein føreset at det er mogeleg å planleggje arbeidsreiser ut i frå rutetidene.

Innanfor tidsramma av prosjektet, har det ikkje vore mogeleg å samanstille dei korrigerte sjøavstandane mot faktiske reisetider på ferjestrekningar. Referansegruppa vil tilrå at dette blir gjort for å teste nærmare ut korrigeringane av sjøavstandane.

Det er utarbeidd ein indikator for 2000-sonene som byggjer på avstandsmåling til senterpunktet med tid som eining og ein indikator basert på avstandsmåling til senterpunktet med kilometer som eining. Grunnlaget for dei to indikatorane er det same med omsyn til innbyggjartalet i sona, senterpunktet og reiserute til senterpunktet for innbyggjarane, men måleeininga for avstand er i minutt eller kilometer. Målsetjinga er å teste om måleeining av avstand har noko innverknad på indikatorverdiane.

Transportøkonomisk institutt (TØI) har utført ein korrelasjonstest for å samanlike avstandsmålingar i tid og kilometer for 2000-sonene. Testen viste at samvariasjonen mellom desse to indikatorane var svært høg (97 prosent). Dette tyder at måleresultatet med dei to indikatorane er nesten heilt samanfallande, og at det ikkje vil gje noko vesentleg utslag å bruke ein indikator basert på tid som måleeining framfor ein indikator basert på kilometer. Det vil også vere mest høveleg å måle avstanden i kilometer for skulesektoren der det er reiseavstanden til elevane som avgjer om ein har rett på skuleskyss. På bakgrunn av dette veljer ein kilometer som måleeining for avstand.

Lagt inn 11. februar 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen