Forsking – landbruk og mat

Budsjettet frå a til å - Statsbudsjettet 2012

Årets budsjettløyving for forsking bidreg til å vidareføre forskingsinnsatsen innan sektoren på eit høgt nivå. Regjeringa gjer framlegg om 409,5 millionar kroner til landbruks- og matforskinga i 2012, ein auke på 7 millionar kroner frå 2011.

Forsking for auka norsk matproduksjon og forsking med relevans for verdiskaping er framleis viktige prioriteringar. Næringsretta forsking er eit viktig bidrag for å oppretthalde ei konkurransekraftig norsk matnæring