Historisk arkiv

Foreslår nemndsløysing for varslingssaker

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Arbeids- og sosialdepartementet

Regjeringa foreslår å etablere eit lågterskeltilbod for behandling av saker om brot på forbodet mot gjengjelding knytt til varsling etter arbeidsmiljølova. Forslaget er meint som eit alternativ til domstolsbehandling.

– Mulegheita til å få avgjort ein sak om korvidt ulovleg gjengjelding har skjedd, og få vurdert om det er grunnlag for oppreising eller erstatning, er ein viktig del av varslarvernet. Forslaget vil gjere det enklare og meir rimeleg for arbeidstakarar å få prøvd saka si om dei meiner dei har blitt gjengjeldt etter å ha varsla, seier arbeids- og sosialminister Torbjørn Røe Isaksen. 

Diskrimineringsnemnda skal avgjere

Regjeringa foreslår å gi Diskrimineringsnemnda myndigheita til å avgjere denne typen tvistar. Vidare foreslår regjeringa at Diskrimine­ringsnemnda skal ha myndigheit til å tilkjenne oppreising og, i avgrensa grad, erstatning til arbeidstakarar som har vore utsett for ulovleg gjengjelding etter varsling.

Nemndas myndigheit i varslingssaker skal likevel ikkje gjelde i saker som handlar om oppseiing og avskjed. Denne typen tvistar skal framleis behandlast i domstolane. Forslaget fører til endringar i arbeidsmiljølova og diskrimineringsombodslova.

Lovforslaget er ein del av regjeringa sitt arbeid med å styrke vernet av varslarar i norsk arbeidsliv, og følgjer opp NOU 2018: 6 Varsling – verdier og vern og Prop. 74 L (2018–2019) Endringer i arbeidsmiljøloven (vars­ling).