Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2018:

Betre psykisk helsehjelp til barn i barnevernet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Barne- og likestillingsdepartementet

For at barn i barnevernet skal få betre hjelp frå barnevernet og psykisk helsevern samstundes, føreslår regjeringa 40,7 millionar kroner til to eigne omsorgs- og behandlingsinstitusjonar.

- I dag finst det ikkje eit heilskapleg tilbod for barn som treng langvarig omsorg utanfor heimen og samstundes har eit stort behov for psykisk helsehjelp. Mange fell mellom to stolar. Eigne omsorgs- og behandlingsinstitusjonar skal gi desse barna god omsorg, og samstundes gi helsehjelp ut frå barnet sitt behov. Dermed vil dei også verte betre rusta til å klare seg godt seinare i livet, seier barne- og likestillingsminister Solveig Horne (FrP). 

Regjeringa føreslår 36,8 millionar kroner til etablering av to omsorgs- og behandlingsinstitusjonar. I tillegg føreslår regjeringa 3,9 millionar kroner over Helse- omsorgsdepartementets budsjett til satsinga. Både barnevernstenesta og helsetenesta skal ha ansvaret for innhaldet i institusjonane. Regjeringa planlegg for at institusjonane skal starte opp hausten 2018, og har bestemt at dei skal plasserast i Søgne kommune i Vest-Agder og Bodø kommune i Nordland. Erfaringane frå heimesjukehus for barn i andre delar av helsetenesta skal ligge til grunn for tilbodet. 

Institusjonane kjem i tillegg til dei tiltaka som allereie er sett i gang for å styrkje samarbeidet mellom barnevernet og psykisk helsevern: 

  • eigen helseansvarleg i alle barnevernsinstitusjonar
  • eigne barnevernsansvarlege for barn og unge i psykisk helsevern frå hausten 2017
  • digitalt opplæringsprogram til tilsette i institusjonane
  • eit pilotprosjekt med tverretatleg akutteneste for barn og unge i Kristiansand og områda rundt, som inneber samorganisering av Barnevernsvakta og Akutt ambulant eining ved Sørlandet sjukehus