Historisk arkiv

252 millionar til ny femårig lærarutdanning

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

I statsbudsjettet for 2017 føreslår regjeringa å bruke 252 millionar kroner på innføringa av ny femårig lærarutdanning.

– Skolen skal utdanne gode arbeidstakarar for framtidas arbeidsliv. Vi vil skape ein skole der elevane lærer meir. Da treng vi lærarar med solid fagleg tyngde. Med ein mastergrad vil lærarane stå betre rusta til å hjelpe elevane til å bruke heile sitt potensial. Det vil òg heve statusen for yrket og utdanninga, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.

Den nye femårige grunnskolelærarutdanninga startar opp hausten 2017.

Justert finansieringssystem

Regjeringa vil også endre systemet for finansiering av universitet og høgskolar. Endringane skal stimulere lærestadene til å arbeide meir med kvaliteten i utdanning og forsking.

– Vi vil sikre Noreg universitet og høgskolar av høg kvalitet. Da treng vi eit system som gjer det lett for lærestadene å vite kva dei kan vente seg av finansiering, men som også er tydeleg på forventningar til resultat og kvalitet. Det leverer vi nå, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.

I det justerte systemet vil den resultatbaserte delen av finansieringa bli auka med 300 millionar kroner, og talet på indikatorar for resultat blir endra frå seks til åtte. Det justerte systemet vil blant anna stimulere lærestadene til å utdanne fleire kandidatar, til å skaffe meir bidrags- og oppdragsinntekter, til å skaffe fleire inntekter frå EU, og til å legge til rette for fleire utvekslingsstudentar. 

Fleire rekrutteringsstillingar

I oppfølginga av langtidsplanen for forsking og høgre utdanning foreslår regjeringa å bruke 48 millionar kroner på totalt 120 nye rekrutteringsstillingar (stipendiat- og postdoktorstillingar). 80 av stillingane blir tildelte universitets- og høgskolesektoren, 25 stillingar går til forskingsinstitutt og 15 stillingar til nærings- og offentleg sektor med ph.d.-ordningar. Dermed vil 492 av de 500 rekrutteringsstillingane i langtidsplanen for forsking og høgre utdanning vere finansierte. 

 Nye universitetsbygg

Gamle universitets- og høgskolebygg i dårleg forfatning set klare grenser for både forsking og undervisning. Regjeringa foreslår derfor å bruke 15 millionar kroner til prosjektering av nye bygg for Odontologisk fakultet ved Universitetet i Oslo, og til Tromsø Museum – Universitetsmuseet ved Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet.