Historisk arkiv

Betre bruk av kompetansen til innvandrarane

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Arbeid er nøkkelen til god integrering. Derfor vil regjeringa gjere det enklare for innvandrarar å ta fag dei manglar, slik at utdanninga og kompetansen deira kan bli godkjende i Noreg.

– Skal vi sikre velferda i Noreg, er det viktig at alle som kan bidra, tar del i fellesskapet. Da må vi sørge for at det blir enkelt for innvandrarar å bruke kompetansen dei har, i jobb, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.

Vil gi fleire vidaregåande opplæring

Regjeringa vil i forslaget til statsbudsjett for 2017 blant anna endre opplæringslova. Med dagens regelverk vil dei som har tatt vidaregåande opplæring i utlandet, men som ikkje får denne godkjent som studiekompetanse eller yrkeskompetanse i Noreg, ikkje ha rett til vidaregåande opplæring. Det gjer det vanskeleg for innvandrarar å ta høgre utdanning og å skaffe seg jobb i Noreg.

– Vi skal tette dette urimelege holet i regelverket. Slik sikrar vi innvandrarar rett til ei vidaregåande opplæring som fører fram til studie- eller yrkeskompetanse i Noreg. Det vil gjere det lettare for innvandrarar å få jobb, kunne ta høgre utdanning og bli integrerte i samfunnet, seier kunnskapsministeren.

Regjeringa reknar med at det vil koste om lag 60 millionar kroner  i 2017 å gi fleire personar rett til vidaregåande utdanning. Når endringa er fullt innfasa frå 2019, vil kostnaden vere 235 millionar kroner i året.

Kompletterande utdanning

Regjeringa vil også at personar med høgre utdanning som manglar enkelte fag for å få utdanninga si godkjent som grunnlag for autorisasjon eller anna yrkesgodkjenning i Noreg, får enkel tilgang til dei faga dei manglar. Regjeringa foreslår derfor å bruke 5,4 millionar kroner til å utvikle utdanningstilbod og til å etablere 60 eittårige studieplassar. Det vil til dømes hjelpe flyktningar med helse- eller lærarutdanning utanfor EU-/EØS-området til å komme inn i arbeidslivet.

10 millionar til NOKUT

Regjeringa foreslår også å styrke Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) med 10 millionar kroner til arbeidet med godkjenning. Løyvinga er eittårig. NOKUT har ansvaret for å vurdere søknader om godkjenning av utanlandsk utdanning. Det omfattar fag- og yrkesopplæring på vidaregåande skole, fagskoleutdanning og høgre utdanning.