Historisk arkiv

Kunnskap for omstilling

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Regjeringa skaper jobbar for framtida gjennom satsing på kunnskap, forsking og innovasjon. I statsbudsjettet for 2017 foreslår regjeringa blant anna å styrke arbeidet med tidleg innsats i grunnskolen, og å styrke løyvingane til forsking, lærarutdanning, fagskolar og yrkesfag.

– Skal vi lykkast med omstillinga av norsk økonomi, må vi ha barnehagar som gir barna ein god start på livet, ein skole der elevar lærer enda meir, og ein utdannings- og forskingssektor i verdsklasse, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.

Prioriterer tidleg innsats og realfag

Regjeringa foreslår å bruke 360 millionar kroner på å styrke arbeidet med tidleg innsats i grunnskolen i skoleåret 2017–18.

– Mange elevar i norsk skole lærer ikkje nok. Dei blir hengande etter allereie i dei første åra på skolen. Dei klarer ikkje å ta igjen forspranget til klassekameratane, og ekstra ressursar blir ofte sette inn altfor seint. Dei vil ha vanskar med å fullføre vidaregåande opplæring. Derfor må vi ta tidleg grep for å fange opp dei som slit, seier Røe Isaksen.

Regjeringa foreslår også å styrke arbeidet med realfag i grunnskolen med 30 millionar kroner i 2017 for at fleire elevar skal lære det mest grunnleggande i matematikk og naturfag. Pengane vil blant anna bli brukte til å etablere fleire realfagskommunar.  Til nå er det etablert 45 realfagskommunar over heile landet som arbeider systematisk med matematikk, naturfag og teknologi heilt frå barna startar i barnehagen, til dei går ut av vidaregåande skole. 

252 millionar til ny lærarutdanning

I statsbudsjettet for 2017 foreslår regjeringa å bruke 252 millionar kroner på innføringa av ny femårig lærarutdanning.

– Skolen skal utdanne gode arbeidstakarar for framtidas arbeidsliv. Vi vil skape ein skole der elevane lærer meir. Då treng vi lærarar med solid fagleg tyngde. Med ein mastergrad vil lærarane stå betre rusta til å hjelpe elevane til å bruke heile sitt potensial. Det vil òg heve statusen til yrket og utdanninga, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.

Den nye femårige lærarutdanninga startar opp hausten 2017.

Styrker forsking og utvikling

Kunnskap er viktig for norsk konkurranseevne og verdiskaping i næringslivet. Derfor vil regjeringa auke løyvingane til å følge opp langtidsplanen for forsking og høgre utdanning med 555 millionar kroner i 2017.

– Ei sterk satsing på forsking og utvikling vil hjelpe oss på vegen mot eit meir konkurransedyktig næringsliv, grønare arbeidsplassar og fleire verdsleiande fagmiljø, seier Røe Isaksen.

I forslaget til statsbudsjett for 2017 foreslår regjeringa ein realvekst på 3,1 prosent i løyvingane til forsking og utvikling. Løyvingane vil da utgjere 1,05 prosent av bruttonasjonalproduktet. I tillegg foreslår regjeringa å styrke den populære Skattefunn-ordninga (under Finansdepartementet).

Løfter fagskolar og yrkesfag

Regjeringa fører vidare satsinga på yrkesretta utdanningar, og foreslår 58 millionar kroner til å styrke fagskolar og 30 millionar kroner til å styrke kompetansen til yrkesfaglærarane.

– Noreg vil trenge mange konkurransedyktige fagarbeidarar framover for å lykkast med omstillinga. Derfor har det vore viktig for denne regjeringa å løfte fram og styrke dei yrkesretta utdanningane. Denne satsinga held vi fram med i 2017, seier Røe Isaksen.

Hausten 2016 legg han fram ei melding til Stortinget om fagskolane og korleis dei kan bli betre og meir attraktive.

Betre bemanning i barnehagen

Regjeringa fører vidare satsinga på kvalitet i barnehagen. Regjeringa vil derfor innføre ei norm for kor mange barn det bør vere per vaksen i barnehagen, og vil sende forslaget ut til høyring til våren. I dag er det store forskjellar i bemanninga i barnehagane.

Regjeringa vil også bruke nærare 400 millionar kroner for å fremme kvalitet i barnehagen i 2017. Det er 230 millionar kroner meir enn i 2013. Dette er meir enn ei dobling på fire år. Kvalitetssatsinga vil blant anna gå til vidareutdanning av og kompetanseheving for dei som allereie jobbar i barnehagen.

Betre studentøkonomi

Regjeringa held fram med satsinga på studentbustader og betring av økonomien til studentane. I dag får studentar studiestøtte i ti månader. Regjeringa foreslår at heiltidsstudentar skal få 2 600 kroner meir i studiestøtte våren 2017, når regjeringa startar opptrappinga si til 11 månaders studiestøtte. Regjeringa vil også i 2017 gi tilskott til  2 200 studentbustader.

– Skal vi lykkast med den omstillinga Noreg står framfor, må vi utdanne arbeidstakarar i verdsklasse. Sosial eller økonomisk bakgrunn skal ikkje stå i vegen for at unge menneske skal få høve til å utdanne seg, seier kunnskapsministeren.