Historisk arkiv

Aukar kravet for biodrivstoff frå 2021

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Klima- og miljødepartementet

Regjeringa aukar kravet til omsetnad av biodrivstoff til 24,5 prosent frå nyttår. Samstundes aukar delkravet til avansert biodrivstoff til 9 prosent. Endringa er eit viktig grep for å sikre at norsk import av biodrivstoff ikkje bidreg til avskoging.

– Biodrivstoff er eit viktig verkemiddel for å få ned utsleppa frå vegtrafikken. Regjeringa auka kravet til omsetnad av  biodrivstoff 1. juli i år, og no skjerpar vi kravet ytterlegare frå nyttår. For å unngå avskoging, aukar vi samstundes kravet til bruk av avansert biodrivstoff. Avansert biodrivstoff er laga av til dømes slakte- og skogavfall og bidreg ikkje til avskoging, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V).

Klima- og miljødepartementet sende tidlegare i år forslag om opptrapping av omsetnadskravet på høyring. I høyringa blei det foreslått å auke kravet frå 1. juli. Det blei også foreslått ein monaleg vidare auke i omsetnadskravet og delkravet til avansert biodrivstoff frå 1. januar 2021.

Det blei vedtatt å auke kravet om biodrivstoff frå 20 prosent til 22,3 prosent frå 1. juli.  No kjem ei ytterlegare skjerping med krav om å auke omsetnaden av biodrivstoff til 24,5 prosent frå 1. januar 2021. Ved samstundes å auke kravet til omsetnad av avansert biodrivstoff til 9 prosent, avgrensar ein bruken av biodrivstoff med risiko for indirekte avskoging.

– Det er viktig for regjeringa å sikre at biodrivstoffet som blir selt i Noreg ikkje bidrar til auka risiko for utslepp i andre land, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn.

Regjeringa vil kompensere i vegbruksavgifta slik at endringa i omsetnadskravet ikkje fører til auka pumpeprisar.

Fakta om krav til biodrivstoff

Omsetnadstala for biodrivstoff viste at salet av avansert biodrivstoff auka frå 192 millionar liter i 2018 til 230 millionar liter i 2019. Når omsetnadskravet blir auka til 24,5 prosent, og delkravet til avansert biodrivstoff blir auka til 9 prosent, vil salet av avansert biodrivstoff auke vidare. Behovet i 2021 er berekna til å vere på 347 millionar liter.

Avansert biodrivstoff tel dobbelt opp mot det overordna omsetnadskravet, og eit delkrav på 9 prosent vil gi rom for maksimalt 6,5 prosent konvensjonelt biodrivstoff i omsetnadskravet. (24,5 – 18 = 6,5). På grunn av tekniske grenser for kor mykje FAME-biodiesel og biokomponentar i bensin som kan blandes i diesel og bensin, vil det vere avgrensa kor mykje konvensjonell HVO-biodiesel det er plass til innafor omsetnadskravet. På denne måten strammar regjeringa kraftig inn på mogelegheita til å blande inn biodrivstoff med høg risiko for avskoging. Frå 1. juli blei vegbruksavgifta òg utvida til å omfatte alt biodrivstoff. Eit slikt grep gjer det i praksis ulønnsamt å selje biodrivstoff over omsetnadskravet.

 

Du kan lese meir om høyringa her.

Endringane blir forskriftsfesta så snart som mogleg.

Oppdaterte tal for bruk av biodrivstoff i vegtransport frå Miljødirektoratet her.