Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2021:

Klimasats på Svalbard

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Klima- og miljødepartementet

Regjeringa vil inkludere Longyearbyen lokalstyre i ordninga med Klimasats, der kommunane kan søke om pengar til klimaprosjekt.

I statsbudsjettet foreslår regjeringa å vidareføre Klimasats med 100 millionar kroner. Pengane skal gå til prosjekt som kuttar klimagassutslepp og bidreg til omstilling til lågutsleppssamfunnet. Kommunar og fylkeskommunar kan søke.

Regjeringa tek no sikte på å at også Longyearbyen lokalstyre kan søke om pengar frå denne ordninga.

- På Svalbard ser vi allereie dramatiske klimaendringar. Ingen stadar på kloden skjer oppvarminga raskare enn her. Det blir derfor viktig å få med Svalbard i Klimasats, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn 

Om ordninga

Klimasatsordninga blei oppretta av regjeringa i 2016. Sidan då har ordninga støtta rundt 1300 prosjekt i kommunar i alle delar av landet med 900 millionar kroner.

Ei evaluering av ordninga gjennomført av Menon Economics viser at Klimasats bidreg til direkte utsleppsreduksjonar og hjelper fram bruk av klimavennlege teknologiar, som til dømes elektriske tenestebilar, utsleppsfrie anleggsmaskiner og klimavennlege materiale i kommunale bygg.