Historisk arkiv

Regjeringa styrker kampen mot framande skadelege artar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Klima- og miljødepartementet

Framande artar brer stadig om seg i Noreg og skadar naturmangfald, friluftsliv, naturbaserte næringar og økonomi. For å stogge denne utviklinga legg regjeringa no fram ein tiltaksplan.

Framande artar kjenner ingen grenser og difor må dei ulike departementa, etatane og fagområde jobbe på tvers. Den nye planen har ei målsetting om at økt innsats og styrka samarbeid mellom dei ulike arealforvaltarane dei neste fem åra skal redusere den negative påverknaden frå framande skadelege artar i Noreg.

-Framande skadelege artar er ein av dei største trugsmåla mot naturmangfaldet på verdsbasis og i Noreg. Difor kjem regjeringa no med ein tiltaksplan for nedkjemping av framande skadelege artar for å betre tilstanden til norsk natur, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn.

Fremmede arter, kanadakullris
Når ein framand art fyrst har etablert seg kan han være svært vanskeleg å bli kvitt. Kanadagullris er ein av dei, Arten kan vere ein alvorleg trussel mot lokale plantar og natur om han får vekse fritt Foto: Martin Lerberg Fossum

Tidleg og styrka innsats

Når ein framand art fyrst har etablert seg, blir det ofte umogleg eller svært kostbart å fjerne han. Planen slår fast at sektorane skal styrke arbeidet med varsling og innføring av tiltak ved funn av nye artar. For dei artane som allereie har etablert seg i norsk natur, er det viktig at vi har god kunnskap om artane og korleis vi skal kontrollere eller nedkjempe dei.

Det kjem stadig inn nye artar til Noreg, og vi veit ikkje nok om korleis dei vil oppføre seg i norsk natur og korleis ein mest effektivt kan nedkjempe dei. Sjølv for artar som har vore her ei stund, er det ikkje alltid ein har treffsikre metodar for å førebyggje spreiing eller for å fjerne dei. Innhenting av ny kunnskap er difor eit sentralt område i planen.

Mange framande artar følgjer med som blindpassasjerar ved import av plantar. Eit viktig tiltak i planen er å finne måtar å redusere risikoen for at slike artar fylgjer med eller klarar å spreie seg vidare i Noreg. Her må ein og sjå om regelverket bør endrast.

Saman mot målet

I kampen mot framande artar er det viktig å jobbe saman. I alt ni statsrådar står samla bak tiltaka i planen og vil samarbeide for å følgje dei opp. Ei direktoratsgruppe med deltakarar frå dei ulike sektorane skal ta seg av det praktiske arbeidet. Sektorane, som spenner frå landbruk og fiskeri til kommunal, energi og miljø, skal saman finne ut kva artar som skal bli prioritert og kva for tiltak som skal settast inn mot dei. Ein slik prioritering vil kvile på heilskaplege analysar, og soleis sikre at samfunnet får størst mogeleg nytte av den samla innsatsen.

- Regjeringa skal i løpet av fem år setje i verk tiltak som skal redusere den negative påverknaden frå framande skadelege artar i Noreg. Målet er ambisiøst og eg vil sørge for at planen blir følgd opp og at tiltaka kjem raskt i gong, seier Rotevatn.

Kostnadar ved tiltak

Dei siste åra har regjeringa brukt meir pengar på tiltak mot framande artar. Nokre artar som stillehavsøsters, villsvin og mink har eigne handlingsplanar. Berre for miljøforvaltinga si del vil det gå 24 millionar  kroner til tiltak for å nedkjempe framande planteartar i verneområde og om lag 18 millionar kroner til tiltak utanom verneområde. I tillegg er det i år tildelt 17,4 millioner kroner over tilskotsposten for tiltak mot framande artar, mellom anna til frivillige organisasjonar og private verksemder.

Stor bredde i tiltak
Eit av dei mest sentrale tiltaka som må på plass tidleg er å få prioritert kva for nokre artar ein skal styrke innsatsen mot. Planen inneheld 28 tiltak, og dei fleste tiltaka skal gjennomførast i samarbeid mellom to eller fleire sektorar. Tiltaka kan sorterast i følgjande tema:

  • Samarbeid og organisering
  • Regelverk og rettleiing
  • Prioriterte kunnskapsbehov
  • Kartlegging, overvaking og tidleg varsling
  • Prioritering av framande skadelege artar for tiltak
  • Innførsels- og spreiingsveger
  • Tiltak for å ta vare på trua naturtypar
  • Prioritering av tiltak mot framande skadelege artar i vatn
  • Kompetansesenter for nedkjemping av fram­ande skadelege artar

Du kan lese den nye tiltaksplanen mot framande artar her.  

Planen byggjer på arbeidet som har vore gjort under Tverrsektoriell strategi frå 2007 som du kan lese her.