Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2022

514 millionar kroner meir i frie inntekter til Vestfold og Telemark neste år

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Regjeringa foreslår ein vekst på to milliardar kroner i kommunesektoren sine frie inntekter i 2022. Veksten i frie inntekter er fordelt med 1,6 milliardar kroner til kommunane og 0,4 milliardar kroner til fylkeskommunane. − Dette set kommunesektoren i stand til framleis å levere gode tenester etter at samfunnet er opna att. No skal vi saman ut av pandemien, seier kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup.

Tabellen viser fordelinga av dei frie inntektene for kommunane i Vestfold og Telemark og Vestfold og Telemark fylkeskommune og den nominelle veksten frå 2021 til 2022. Veksten er rekna frå eit oppdatert anslag på dei frie inntektene i 2021. Anslaget inkluderer ei justering av skatteinntektene for kommunesektoren i 2021 på 5,9 milliardar kroner, samanlikna med anslaget på skatteinntekter i revidert nasjonalbudsjett 2021.

For å gjere inntektsnivået i 2021 samanliknbart med inntektsnivået i 2022, er det korrigert for oppgåveendringar, regelendringar og endringar i finansieringa av oppgåvene til kommunesektoren. Dei ekstraordinære løyvingane til kommunesektoren i 2021 i samband med virusutbrotet, er ikkje rekna med i inntektsnivået for 2021.

Variasjonen i veksten mellom kommunar og mellom fylkeskommunar kan i all hovudsak forklarast med utvikling og endring i befolkninga og endringar i skjønnstilskotet og dei regionalpolitiske tilskota. For små kommunar kan mindre endringar gje store utslag i anslaget på vekst målt i prosent.

  Anslag på Vekst frå anslag
  frie på rekneskap 2021 - 2022
Kommune inntekter  Nominelle Prosent
  2022 kroner  
  (1000 kr) (1000 kr)  
  1 2 3
       
3801 Horten 1 633 419 22 422 1,4
3802 Holmestrand 1 504 156 26 334 1,8
3803 Tønsberg 3 419 184 58 906 1,8
3804 Sandefjord 3 843 066 60 199 1,6
3805 Larvik 2 911 436 54 992 1,9
3806 Porsgrunn 2 150 320 18 092 0,8
3807 Skien 3 283 729 50 523 1,6
3808 Notodden 828 269 14 366 1,8
3811 Færder 1 682 565 26 632 1,6
3812 Siljan 150 773 1 376 0,9
3813 Bamble 857 475 25 680 3,1
3814 Kragerø 653 312 11 773 1,8
3815 Drangedal 281 316 1 986 0,7
3816 Nome 423 185 8 789 2,1
3817 Midt-Telemark 668 495 13 141 2,0
3818 Tinn 391 266 2 604 0,7
 3819 Hjartdal 123 637 681 0,6
3820 Seljord 205 425 2 842 1,4
3821 Kviteseid 172 988 639 0,4
3822 Nissedal 121 134 1 869 1,6
3823 Fyresdal 103 726 460 0,4
3824 Tokke 167 461 879 0,5
3825 Vinje 271 432 3 639 1,4
Til fordeling gjennom året 17 400    
Vestfold og Telemark 25 865 171 409 224 1,6
       
Vestfold og Telemark fylkeskommune  5 483 760 104 591 1,9

Første kolonne:
Viser overslag på kor mykje kvar kommune og fylkeskommune får i frie inntekter i 2022, målt i 1 000 kroner.

Andre kolonne:
Viser overslag på vekst frå anslag på rekneskap for 2021 til anslag for 2022 i statsbudsjettet, målt i nominelle kroner. Veksten er korrigert for endringar i oppgåvene til kommunane.

Tredje kolonne:
Viser den nominelle oppgåvekorrigerte veksten målt i prosent.