Historisk arkiv

Revidert nasjonalbudsjett

Aukar og forlenger støtteordningane for kultur, frivilligheit og idrett

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kulturdepartementet

Regjeringa foreslår å forlenge dei mellombelse koronaordningane for kultur, frivilligheit og idrett ut oktober. I tillegg vil regjeringa auke ramma for stimulerings- og kompensasjonsordningane med 1 320 millionar kroner.

1 ny milliard til kultur

Regjeringa foreslår å  auke ramma for kompensasjon- og stimuleringsordningane til kultursektoren med 950 millionar kroner, og i tillegg foreslår regjeringa 50 millionar til institusjonar over statsbudsjettet.  

– Vi har erfart at smittesituasjonen har gjort det vanskelegare å gjennomføre kulturarrangement, enn det vi trudde då vi først sette rammer for ordningane. Mest truleg vil vi måtte leve med avgrensingar av kor store publikumsgrupper som kan samlast - og dermed kva arrangement som kan gjennomførast - eit stykke ut i andre halvår 2021. Med denne utvidinga tek vi høgde for ulike scenario, seier kulturminister Abid Raja.

Utbetalingar frå ordningane legg til grunn at arrangørane er pålagde smitteverntiltak som avgrensar gjennomføringa. Ved ei gradvis gjenopning av samfunnet vil det bli betalt ut mindre støtte gjennom ordningane etter kvart som det blir lempa på smitteverntiltaka.

Formålet med stimuleringsordninga er å stimulere til gjennomføring av arrangement i kultursektoren innanfor smittevernpålegg gitt av styresmaktene, og å stimulere til aktivitet i heile verdikjeda til kulturarrangementet.

Formålet med kompensasjonsordninga er å kompensere arrangørar og underleverandørar i kultursektoren for tap knytt til avlyste, stengte eller nedskalerte kulturarrangement.

– Regjeringa ønsker framleis å stimulere til at arrangement blir gjennomførte framfor å kompensere for avlysingar. Derfor varsla eg allereie i april at det ville kome 400 millionar kroner ekstra til stimuleringsordninga i første halvår. I tillegg legg vi no til 550 millionar kroner og forlenger ordningane ut oktober, slik at det totalt blir 950 millionar kroner meir til stimulering- og kompensasjon for kultursektoren, seier Raja.

Arrangørane må ha lagt realistiske planer for å motta støtte frå ordningane. Ordningane for kultursektoren blir forvalta av Kulturrådet i samarbeid med Norsk filminstitutt.

Les meir om ordningane på nettsida til Kulturrådet

Idrett og frivilligheit

Stortinget har løyvd 300 millionar kroner til stimuleringsordningar for idrett og frivilligheit for juli og august. I tillegg foreslår regjeringa no å sette av 370 millionar kroner til formålet i september og oktober, slik at ramma totalt blir på 670 millionar i perioden juli og ut oktober.

– Dette vil trygge organisasjonane gjennom heile sommaren og hausten. Det tek tid å planlegge aktivitetar og arrangement, og det er derfor viktig at vi i regjeringa allereie no signaliserer at vi støttar opp om frivilligheita og idretten så lenge pandemien gjer det vanskeleg å drive aktivitet som normalt, seier kultur- og likestillingsminister Abid Raja.  

Midla vert fordelte gjennom to ordningar som begge krev registrering i Frivilligheitsregisteret.

Stimuleringsordning for frivilligheitssektoren

Gjennom ordninga kan organisasjonane søke om å få dekt meirkostnadar til å utvikle nye aktivitetstilbod og til å tilpasse aktivitetane til smittevernrestriksjonane. I tillegg kan organisasjonane søke om å få dekt mindreinntekter frå arrangement og anna spesifisert aktivitet. Mindreinntekter vil seie differansen mellom budsjetterte inntekter og faktiske inntekter, og samanlikningsgrunnlaget vil da vere tilsvarande arrangement eller aktivitet i ein normalsituasjon. Organisasjonane kan få dekt 70 prosent av godkjent søknadsbeløp dersom arrangementet eller aktiviteten er heilt eller delvis gjennomført og 50 prosent dersom aktiviteten eller arrangementet vert avlyst. Denne ordninga er nettopp justert, og endringane er sendt til ESA for godkjenning.  

Tilskotsordning for publikumsarrangement av nasjonal verdi

Ordninga omfattar seriespel i øvste divisjon i lagidrettar for senior samt nest øvste divisjon i fotball for menn, Noregsmeisterskap for senior i alle idrettar, europa- og verdsmeisterskap og arrangement av liknande status for senior og landskampar for senior. Arrangøren kan søke om å få dekt meirkostnadar og mindreinntekter knytt til arrangementet som følgje av restriksjonar eller råd i samanheng med Covid-19-utbrotet. Søkar kan få dekt 70 prosent av godkjent søknadsbeløp dersom arrangementet eller aktiviteten er helt eller delvis gjennomført og 50 prosent dersom aktiviteten eller arrangementet vert avlyst.

Begge ordningane er forvalta av Lotteri- og stiftelsestilsynet:  Lotteri- og stiftelsestilsynet. Statlig tilsynsorgan. (lottstift.no)