Historisk arkiv

Statsministeren, næringsministeren og olje- og energiministeren leier eit videomøte med representantar for industri, olje og energi

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Statsministerens kontor

Stad: Statsministerens kontor (video)

Statsminister Erna Solberg, næringsminister Iselin Nybø og olje- og energiminister Tina Bru leier eit videomøte med representantar for industri, olje og energi.

Møtet er del av ein serie innspelsmøte der regjeringa inviterer ulike sektorar og næringar til å kome med innspel til korleis Noreg best mogleg skal kome seg ut av koronakrisa.

Desse deltek i møtet: BKK, Equinor, Hafslund Eco, IKM, Subsea 7, EL og IT Forbundet, Industri Energi og Norsk Industri. Frå regjeringa deltek statsministeren, næringsministeren og olje- og energiministeren. 

Etter møtet, kl. 18.00, blir det pressetreff på video med statsministeren, næringsministeren, olje- og energiministeren og dei andre som har vore med i møtet. Me ber presse som ønskjer å delta i videomøtet om å melde seg på til smkinfo@smk.dep.no innan tysdag 21. april kl. 16. Påmeldte journalistar vil få tilsendt lenkje til videomøtet. Pressetreffet varer i ca. 20 minuttar. Me legg opp til å svare på så mange spørsmål som mogleg på den tida.

Pressekontakt for statsministeren er kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 93 05 14 58, e-post asa@smk.dep.no.