Historisk arkiv

Svar på spørsmål om handlingsplan overfor Israel og Palestina

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Utanriksminister Anniken Huitfeldt sitt svar på eit spørsmål frå Ingrid Fiskaa (SV) om Noreg i Tryggingsrådet vil ta initiativ til at det opprettas ein handlingsplan overfor Israel og Palestina for å stoppe brot på barnekonvensjonen.

Skriftleg spørsmål nr. 2506 (2021-2022).
Datert 30.06.2022

Frå representanten Ingrid Fiskaa (SV) til utanriksministeren:
Vil Noreg i Trygginsrådet ta initiativ til at det opprettas ein handlingsplan overfor Israel og Palestina for å stoppe dei grove brota på barnekonvensjonen som FNs kontor for barn og væpna konflikt rapporterer om?

Svar frå utanriksministeren:
Eg deler uroa di for palestinske barn som er fråtekne fridomen sin i Israel. Utanriksdepartementet følgjer nøye med på situasjonen.

I fjor vart både Israel og Palestina omtala i den årlege rapporten til FN-generalsekretæren om barn i væpna konflikt på grunn av alvorlege folkerettsbrot mot barn. Fleire konfliktpartar på båe sider fekk sterke oppmodingar om å endre åtferd. Like fullt vart ingen av dei listeførte. Kontoret til generalsekretærens spesialrepresentant for barn i væpna konflikt er i dialog med konfliktpartane på båe sider.

For at ein skal inngå ein handlingsplan i samråd med FN, er det ein føresetnad at partane er listeførte i generalsekretæren sin årlege rapport. Det er generalsekretæren i FN som avgjer kven som skal på lista, og kven som skal takast av. Avgjerda om dette byggjer på verifiserte tal og statistikk som gjeld konfliktpartar som har gjort seg skuldige i ein eller fleire av dei såkalla «seks grove folkerettsbrota mot barn i væpna konflikt». Partar som vert granska, vert oppmoda til å inngå handlingsplanar. Inngåing av ein handlingsplan og gjennomføring av han er kriterium som må vere følgde opp for at ein part etter kvart kan fjernast frå lista. Generalsekretæren sin årlege rapport om barn i væpna konflikt er venta i løpet av kort tid.  

Vi tek opp barn sin situasjon jamleg i orienteringar, konsultasjonar og andre møte som gjeld Israel og Palestina i Tryggingsrådet.