Historisk arkiv

Svar på spørsmål om Noregs bidrag til FNs grøne klimafond

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereims svar på spørsmål frå Ingrid Fiskaa (SV) om Noreg kjem til å auka sitt bidrag til det FNs klimafond, GCF.

Skriftleg spørsmål nr. 2787 (2023)
Datert 04.08.2023

Fra representanten Ingrid Fiskaa (SV) til utviklingsministeren:

I sommar var me vitne til den varmaste dagen nokosinne, og fattige folk flyktar frå heimstadene sine fordi det ikkje lenger går an å leva av den uttørka jorda. Den 5. oktober møtest verdas donorland for å fylla på FNs grøne klimafond for perioden fram til 2027. Enkelte land har allereie annonsert bidraga sine for å motivera verdas rike land til å grava djupt i lommene. Kor mykje kjem Noreg til å auka sitt bidrag til det grøne klimafondet GCF med i neste periode?

Utviklingsministerens svar:

Alvoret i klimaendringane vert stadig tydelegare både globalt og nasjonalt. Det rammar dei fattigaste hardast. Noreg bidreg med støtte både til utsleppsreduksjonar og klimatilpassing i utviklingsland. Noreg har som målsetting å doble klimafinansieringa frå 7 mrd. kroner i 2020 til meir enn 14 mrd. kroner, seinast innan utgangen av 2026. Innanfor denne målsetjinga skal støtta til klimatilpassing verte minst tredobla.

Det grøne klimafondet (GCF) er hovudmottakar for klimafinansieringsmidlar under klimakonvensjonen. Noreg er allereie ein viktig bidragsytar til GCF. I perioden frå 2020 til 2023 bidreg me med 800 mill. kroner årleg. Regjeringa sitt framlegg til det norske bidraget i kommande periode vil vi presentere i budsjettframlegget til Stortinget i oktober.