Historisk arkiv

- Ver stolt av Sophusportalen.no

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Heidi Grande Røys si tale under opninga av Sophusportalen.no i Stryn 27. august 2007.

Det at sju Nordfjordkommmunar samarbeider om ein kunnskapsportal for skular og barnehagar er eit godt døme på korleis ein aktivt kan ta i bruk digitale verkty og legge til rette for digital kompetanse. Dette sa fornyingsminister Heidi Grande Røys under opninga av kunnskapsportalen for barn og unge, Sophusportalen.no, i dag. Les heile talen.

Heidi Grande Røys si tale under opninga av Sophusportalen.no i Stryn 27. august 2007.

Godtfolk!

Informasjons- og kommunikasjonsteknologi er blitt grenselaus, overalt og uunngåeleg! Samfunnet kring oss blir digitalisert i stadig større grad og i eit stadig raskare tempo enn nokon drøymde om for få år sidan.

Det at sju Nordfjordkommmunar samarbeider om ein kunnskapsportal for skular og barnehagar - ein portal kor ein kan søkje seg fram til pedagogisk programvare og lærestoff på nett - er eit godt døme på korleis ein aktivt kan ta i bruk digitale verkty og legge til rette for digital kompetanse. Det er bra! Det har de god grunn til å vere stolte av, og difor er eg glad for å vere her i dag og markere denne opninga saman med dykk.

Tenk kva for moglegheiter vi har i dag og som ingen andre har hatt før oss. Snart er det berre fantasien som set grenser for oss. Tenk kor spanande det kan vere for ungar og vaksne, anten dei no er i skulen eller i barnehagen.
 
I Stortingsmeldinga om IKT politikk som eg la fram før jul,  viser vi til fire føresetnader for å skape eit informasjonssamfunn for alle. Digital kompetanse er eit av desse.

Regjeringa sitt mål er at norsk skule skal vere ein føregangsskule i verda når det gjeld bruk av IKT i undervisning og læring. Kunnskapslovnaden stiller krav til digital kompetanse som ein kunnskap elevane skal tileigne seg i grunnskulen. For å komme dit må det satsast systematisk på kompetanseutvikling av lærarar og skuleleiarar og på investering i utstyr på skulane. Når det gjeld status for IKT i skulen varierer dette, som de veit, frå kommune til kommune og mellom skulane i ein kommune.

I regjeringas politiske plattform frå Soria-Moria heitar det at ”alle må få tilgang til kunnskap og innsikt som gjør det mulig å delta i de demokratiske prosessene”.
Statistikk frå Utdanningsdirektoratet viser at (regjeringa.no. 16.4.07) PC-dekninga i grunnskulen er blitt betre, men den norske digitale kvardagen er framleis ikkje ein kvardag for alle. I grunnskulen er tal elevar per datamaskin reduserte frå 6,5 i 2005 til 4,7 i 2007.

Sjølv om mange husstandar med barn har tilgang til PC og Internett, vil ei mange elevar enno mangle tilgang til det utstyret som er naudsynt for å gjere lekser heime. I følgje statistikken har omtrent 150.000 barn ikkje tilgang til Internett heime.
Ein kan ikkje oppnå sosial utjamning dersom ein for å lukkast i opplæringa må ha ressursar som nokre elevar ikkje har tilgang til.

Skulen spelar difor ei viktig rolle med å medvirke til at alle barn får digital kompetanse. Noreg har som eitt av dei fyrste land i verda fått på plass læreplanar i skulen som føreset at IKT blir integrert i alle fag på alle nivå. Det å sikre elevane grunnleggjande kunnskapar i bruk av digitale verktøy er ein av fem grunnleggjande ferdigheter i kunnskapsløftet.

Men òg barnehagane har fått ei viktig rolle i å ta i bruk IKT. I løpet av dei siste tre åra er det 20 % fleire barn som har Internett heime og barna blir tidlegare introduserte for Internett no enn i 2003. Ei undersøking visar at 14 prosent hadde brukt Internett allereie i 5-6 års alderen. (SAFT 2006) 

Mange vil kanskje tenke skrekk og gru, skal no òg dei minste ungane sitje framfor pc i staden for å leike? Nei, det skal dei ikkje, men eg er positiv: Vi må utnytte barna si skaparkraft ! Og gjerne ved bruk av digitale verkty. Eit konkret døme er at barnehagetilsette lèt barna få bruke digitale kamera ut frå føresetnadene sine. Dette er ein enkel måte å stimulere barna si skaparkraft og kreativitet. 

Som førskulelærar synest eg det er flott at òg barnehagane er med i dette prosjektet. Eg trur det er bra for barna i barnehagen, og det er bra for dei tilsette. Dei er i ein heldig og spanande situasjon når dei kan ta i bruk Suphusportalen og  andre moglegheiter som IKT-samfunnet gir òg i opplæringa i barnehagen.

Nasjonalt senter for IT i utdanninga, ITU ved Universitetet i Oslo, definerer digital kompetanse som ferdigheiter, kunnskapar, kreativitet og haldningar som alle treng for å kunne bruke digitale medium for læring og meistring i kunnskapssamfunnet (ITU, Digital skule kvar dag 2005).

Digital kompetanse kan oppnåast på mange ulike område - og kanskje på andre område enn vi vaksne i fyrste omgang har tenkt på. Ei utfordring er å kunne utnytte kunnskapane og kompetanse til barna.

Døme: Med ein forbruk på over 8000 tekstmeldingar i månaden er Morgan Pozgars (13) SMS-siger inga stor overrasking. Ho teksta seg til topp sin i ein amerikansk konkurranse der målet var å skrive fantasiordet «supercalifragilisticexpialidocious» raskast mogeleg. Ordet stammar frå Disney-filmen «Mary Poppins» og vart skrive inn av Morgan på 15 sekund. Over 200 andre personar deltok i konkurransen som vart halden i New York.

Haldningar er viktige. Barn og ungdom er kreative når dei tek teknologien i bruk. Informasjonsteknologi kan òg brukast på negative måtar. Mange har opplevd mobbing t.d gjennom sms eller på chattekanalar. Og: mobbing er mobbing anten det er i skulegarden, SMS eller på nettet.

Barneombudet ser ikkje annleis på meir open mobbing på Facebook enn om barn får truslar på sms av typen  - Det er trakassering på lik linje med annan type mobbing, sjølv om det er meir ope for venner og familie. Prosjektleiar Heidi Austlid i IKT-Norge trur barn kan oppfatte mobbing på nettsamfunn som meir brutalt - Det er skriftleg, og blir der. Det forsvinn ikkje. Det er ein ny kanal for mobbing som dei vaksne ikkje er med på, men dei må med, seier ho.

Barn må sei frå til dei vaksne når dei blir mobba på nettsamfunn, og ta vare på bevisa. Er det grovt bør ein vurdere å gå til politiet. Det må jobbast med haldningane til ungane. Ikkje filtra i maskina, men filtra i hovuda på barna,

Dette viser at det er naudsynt å styrkje arbeidet med digital dømmekraft både blant barn, unge, og vaksne (foreldre, lærar). Digital dømmekraft er evna til å tileigne seg viktig informasjon, tolke medieinnhald og vere kritisk tenkjande.
Det er viktig å vere medvetne skilnaden mellom det å vere passive mediekonsumentar til aktive deltakarar og innhaldsprodusentar. Dette gjeld spesielt barn og unge - som er raske til å ta i bruk ny teknologi og nye moglegheiter. Regjeringa er spesielt oppteken av at barn og unge skal oppleve Internett som ein trygg stad å ferdast. Denne jobben må starte tidleg. Difor er det så bra at Sophusportalen har med seg barnehagene.

Kjeldekritikk og personvern er òg tema som blir trekt fram i dei nye lærarplanane for Kunnskapsløftet .

Kampanjen www.dubestemmer.no, frå Datatilsynet - ein viktig ressurs for skulane - oppmode til at dette temaet blir teke på alvor i skulen.


Barn og unge bruker dagleg tid framfor PC til spel og sosialisering. Barn blir tidleg kløpparar i å skrive på tastaturet, plukkar opp engelsk frå on-line spel etc. og lærer mykje av kvarandre. Det er ei utfordring for oss vaksne å henge med i alt som skjer. Mange foreldre trur nok at dei heng godt med. Nokre gjer sikkert det, men eg trur nok at mange vaksne eigentleg ikkje er med i det heile teke. Skulen må difor betre fange opp det omfattande potensialet for læring og samarbeid som ligg i dei teknologiane som raskt kjem i bruk hos barn og unge.

Eitt er sikkert: Vi går inn i ein framtidsskule vi berre aner konturane av. Barn og unge med eit naturleg forhold til breiband, 3G, spel og IM (lynmeldingar) vil ha heilt andre forventningar til skulen som ein læringsarena der teknologien speler på lag med pedagogikken, enn tidlegare årskull hadde. Men vere flink med spel og msm er ikkje åleine nok.  Digital kompetanse inklusiv digital dømmekraft er viktig, og må lærast. Her har t.d skulen ei sentral rolle Det er viktig at skulen ikkje ser digitale kultur som ein trussel mot skulen sitt innhald og arbeidsformer, men klarer å vurdere rolla si i forhold til dei unge sine digitale medievanar. Sophusportalen er eitt døme på å møte utviklinga.

Til slutt vil eg seie :
•Internett skaper samarbeid og deling noko m.a. Sophusportalen viser.
•Vi har mange portalar og nettstader som har mykje og god informasjon. Noko av utfordringane slik eg ser det, er å få brukarane til å ta portalane i bruk. Eg håpar at Sophusportalen blir ein populær stad som de gjestar ofte og hentar fram nyttige tips for dykk sjølv og for kollegaer.
•Det er ei glede for meg i dag å opne Sophusportalen som eit godt døme på eit samarbeid mellom kommunar, som er til nytte for både elevar og tilsette i skular og barnehagar, og som òg er eit bidrag til auka digital kompetanse i regionen. Eg trur fleire kommunar kan lære noko av det som de har gjort her.

Eg ynskjer alle til lukke med portalen og gratulerer dagen !