Historisk arkiv

Like moglegheiter

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

For regjeringa er det viktig at alle arbeidstakarar har dei same sjansane på arbeidsmarknaden. Ein delt arbeidsmarknad der personar med innvandrarbakgrunn berre får jobb i nokre få bransjar og vert stengde ute frå resten av arbeidsmarknaden kan ikkje aksepterast, sa fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys ved oppstarten av forsøksprosjektet med moderat kvotering av innvandrarar ved tilsetjingar i 12 statlege verksemder.

Innleiing av fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys på oppstartsseminar for forsøksordninga med moderat kvotering av personar med innvandrarbakgrunn ved tilsetjingar i 12 statlege verksemder.

Med atterhald om endringar under framføring. Sjå lyssark her (PDF)

 

Det er ei glede for meg å få lov til å opne seminaret som markerar oppstarten for forsøksordninga med moderat kvotering for personar med innvandrarbakgrunn i staten. Dette har vi sett fram til lenge – endeleg skal vi komme i gang!

Vi har i dag samla toppleiarar, personalleiarar og tillitsvalde frå dei 12 forsøksverksemdene som skal delta i forsøket med moderat kvotering.

Dei 12 er følgjande: Arbeids- og inkluderingsdepartementet, Utlendingsdirektoratet, Arbeidstilsynet, Arbeids- og velferdsdirektoratet, Statsbygg, Forsvarsbygg, Husbanken, Departementas servicesenter, Oljedirektoratet, Nasjonalt folkehelseinstitutt, Sosial- og helsedirektoratet og Politidirektoratet.

Vi skal få vite meir om kven målgruppa er, kva moderat kvotering inneber i praksis og korleis ordninga skal følgjast opp med administrativ støtte. Men fyrst vil eg seie litt inn om utgangspunktet for å setje i gang ei slik forsøksordning og kva eg vonar vi kan oppnå med eit slikt prosjekt.

Om bakgrunnen for å setje i verk forsøksordninga
Arbeidsmarknaden er i dag betre enn nokon gong. Det betyr at for majoriteten av arbeidssøkjarar er det enklare å komme inn på arbeidsmarknaden og få relevant arbeid enn det har vore på lenge. Sysselsetjinga har ikkje vore så høg på mange år. Vi må heilt tilbake til midten av 1980-åra for å finne ein liknande situasjon med så gode konjunkturar.

Situasjonen er likevel ikkje like lystig for riktig alle. Arbeidsløysa for dei med innvandrarbakgrunn er framleis vesentleg høgare enn for befolkninga elles. Til dømes gjekk den registrerte arbeidsløysa blant innvandrarar ned frå 7,7 prosent i 3. kvartal 2006 til 5,6 prosent i 3. kvartal 2007. I befolkninga utanom innvandrargruppa gjekk den registrerte arbeidsløysa ned frå 2,3 prosent til 1,7 prosent. Sjølv om situasjonen på arbeidsmarknaden generelt har vorte noko betre for personar med innvandrarbakgrunn, er det ikkje nokon tendens til utjamning mellom innvandrarar og befolkninga sett under eitt. Og det er nettopp her utfordringa er – å jamne ut gapet mellom innvandrarar og befolkninga elles.

Utfordringar – regjeringa sitt syn
For regjeringa er det viktig at alle arbeidstakarar, uavhengig av bakgrunn, har dei same sjansane på arbeidsmarknaden. Ein delt arbeidsmarknad der personar med innvandrarbakgrunn berre får jobb i nokre få bransjar og vert stengde ute frå resten av arbeidsmarknaden kan ikkje aksepterast. Det må vere like sjansar for å komme inn på arbeidsmarknaden og å få ein kvalifisert jobb for alle, uavhengig av etnisk bakgrunn. Det er ikkje minst viktig at dei som har tatt utdanning får arbeid i tråd med utdanninga si.

For det er ofte slik at innvandrarar har vanskar med å få ei stilling som svarer til den utdanninga og erfaringa dei har. Mange opplever å få jobbar dei er overkvalifiserte for, og at det er vanskeleg å avansere når ein først har komme innanfor i arbeidslivet. Viss ein i det heile kjem inn på arbeidsmarknaden! Ein forskingsrapport frå forskingsstifttinga Fafo, ”Bruk av arbeidsmarkedstiltak for ikke-vestlige innvandrere”, viser at arbeidsledige, ikkje-vestlege innvandrarar med høgskuleutdanning, ikkje har betre jobbutsikter enn tilsvarande ledige utan norsk utdanning. Slik kan det ikkje fortsette!

Det kan vere strukturar i organisasjonen og tilvande haldningar hos arbeidsgivarar som blir til barrierar som det ikkje alltid er like lett å få auge på, men som utgjer hinder for i første omgang å komme inn på arbeidsmarknaden og sidan komme vidare i karrieren.

Eller som Arezo Banafsheh opplyser i Aftenpostens oppslag 19.desember, det er 73.500 etterkommarar (andregenerasjonsinnvandrarar) i Noreg. Kor lenge kan ein då skulde på manglande språkkunnskapar som årsak til at mange av dei ikkje får jobb? Det å vekse opp i to kulturar og vere tospråkleg bør jo òg reknast med når ein skal vurdere kva slags kompetanse ein person har.

Kva gjer regjeringa
Arbeid har stor innverknad på den einskilde sine levekår og økonomiske situasjon. Å gje alle eit arbeid er difor det viktigaste vi kan gjere for å redusere sosiale forskjellar. Skal vi lukkast med integrering, er arbeid noko av det viktigaste!

Vi treng difor eit inkluderande arbeidsliv, der alle som kan jobbe, har jobb, og der alle, uavhengig av bakgrunn, har dei same utsiktene til å gjere karriere.

Regjeringa har som mål å få fleire personar med innvandrarbakgrunn i arbeid. Dette er naudsynt for å møte etterspurnaden etter arbeidskraft, og for å sørgje for at fleire får brukt ressursane sine i arbeidslivet. For regjeringa er det viktig at den positive arbeidsmarknadssituasjonen vert utnytta slik at innvandrarar og etterkommarane deira i aukande grad får tilknyting til arbeidsmarknaden.

I intensjonsavtalen om eit inkluderande arbeidsliv er ikkje personar med innvandrarbakgrunn omtalte direkte. Men i delmål 2 er det formulert at avtalen skal medverke til å auke rekrutteringa av personar som i dag ikkje har eit arbeidsforhold. Det er òg presisert at eit inkluderande arbeidsliv stiller krav til inkludering av grupper som har problem med å få innpass i arbeidslivet. IA-avtalen er difor et viktig verkemiddel for å motverke diskriminering i arbeidslivet generelt.

Staten som arbeidsgivar har eit spesielt ansvar for å leggje til rette for ein god rekrutteringspolitikk i statleg forvaltning. Det har difor gjennom fleire år vore prøvd ut fleire ulike stimuleringstiltak for å auke prosenten av personar som har innvandrarbakgrunn:

  • Alle verksemder i det statlege tariffområdet har sidan 2002 vore pålagde å kalle inn minst éin kvalifisert søkjar med ikkje-vestleg innvandrarbakgrunn til intervju. Dei vart òg oppfordra til å ta inn ei formulering i stillingsannonsar som oppfordrar personar med innvandrarbakgrunn til å søkje stillinga. Ei kartlegging (2005-2006) av korleis pålegget verkar, viser at av dei som vart kalla inn til intervju fekk ca 22 prosent jobb.
  • Staten og tenestemennene sine hovudsamanslutningar har òg i fleire tariffperiodar gitt støtte til ulike rekrutterings- og integreringsprosjekt.

Fleire av desse prosjekta kan kvar for seg vise til gode resultat. 

Men vi må gjere meir, difor tek staten no eit spesielt ansvar for å prøve ut nye verkemiddel for å nå målet om høgare sysselsetjing.

Regjeringa ynskjer at staten skal gå føre med eit godt døme for i større grad å ta i bruk den kompetansen som innvandrarar representerer. Difor startar vi eit toårig forsøk med moderat kvotering av personar med innvandrarbakgrunn i dei tolv statlege verksemdene som er samla her i dag. I tida framover med knappe arbeidsressursar kan vi ikkje la god kompetanse vere ubrukt, vi vil trenge alle kloke hovud.

Dette forsøksprosjektet er det første i sitt slag. Vi har få eller ingen røynsler å ta av, verken nasjonalt eller internasjonalt, når det gjeld bruk av moderat kvotering i forhold til personar med innvandrarbakgrunn. Det finst einskilte funn med omsyn til moderat kvotering i forhold til underrepresentert kjønn. Disse studiane kan tyde på at ein regel om kvotering kan verke haldningsskapande hos arbeidsgivarar, noko som likevel ikkje vert sikkert stadfesta.

Dette blir eit nybrottsarbeid i staten. Det er vi svært stolte av! Det har vore ein del merksemd rundt prosjektet frå media både i Noreg og utlandet. Når vi no set i gang, reknar vi med at denne merksemda berre aukar. Det er difor viktig at verksemdene er best mogleg rusta til å kunne gjennomføre prosjektet i den kommande toårsperioden. Og det er noko av grunnen til at vi har samla toppleiarar, personalleiarar og tillitsvalde her i dag – for å gi ein best mogleg samla informasjon til forsøksverksemdene og diskutere utfordringane vi vil stå overfor når dette skal gjennomførast.

Når det gjeld dei verksemdene som er plukka ut for å delta i forsøksordninga, er desse plukka ut på bakgrunn av kriterie som storleik, lokalisering, type stillingar etc. Vi ynskte verksemder med ein viss storleik slik at det kvart år er eit tal nytilsetjingar som gjer det mogleg å dra konklusjonar frå forsøket. I tillegg ynskte vi verksemder som har ein god del stillingar der det er krav om utdanningsbakgrunn som mange med innvandrarbakgrunn vel. Til dømes økonomiske og administrative fag, naturvitskapelege og tekniske fag, medisin og til dels juss og samfunnsfag. Det har òg vore viktig å velje verksemder som har eit visst spenn i porteføljen slik at det er fleire typar kompetanse/utdanningsbakgrunn som er relevant for verksemda. Dei fleste verksemdene er lokalisert i Oslo, men andre byar er òg med gjennom Oljedirektoratet frå Stavanger, Arbeidstilsynet frå Trondheim og Husbanken frå Drammen.

Vi er svært nøgde med utvalet av verksemder som skal vere med i forsøksordninga. Det skal verte spennande å følgje dykk opp! For de vil verte godt følgde opp både med leiaropplæring og følgjeevaluering. Vi reknar med at verksemdene har litt ulik ståstad når det gjeld erfaring med rekruttering av personar med innvandrarbakgrunn. De vil få all mogleg støtte og bistand for å kunne gjennomføre denne toårige forsøksordninga - tilpassa eigen ståstad og behov. Sidan vil de kunne vere føregangsverksemder for andre statlege verksemder.

Sjølve prosjektleiaransvaret for oppfølginga av forsøksprosjektet har vi lagt til det nye direktoratet vårt – DIFI - som no er på beina. Dei skal fortelje korleis dei har tenkt til å følgje dykk opp, spesielt med tanke på opplæringa av leiargruppene i verksemdene.

Når vi no skal vise veg med forsøksordninga som eit pilotprosjekt, ynskjer vi å gjere oss nyttige erfaringar. Dette vil ikkje minst vere viktig for staten som rollemodell i forhold til resten av arbeidslivet – spesielt fordi forsøksordninga kan oppfattast som eit sterkt verkemiddel. Det vil difor verte viktig for oss å kunne formidle kva effektar forsøksordninga har hatt når det gjeld å rekruttere fleire personar frå målgruppa og om det har ført til ei eventuell endring av rekrutteringsåtferd i forsøksverksemdene. Vi held i desse dagar på å finne eit forskingsmiljø som kan hjelpe oss med å kartleggje effektane av forsøksprosjektet og reknar med at dette vil vere på plass i slutten av månaden.

For å oppnå kjønnslikestilling i arbeidslivet har vi lang erfaring med bruk av moderat kvotering. Denne erfaringa er noko vi kan dra vekslar på når vi skal setje i verk forsøksordninga med moderat kvotering for personar med innvandrarbakgrunn.
 
I staten er det fleire grupper som er omfatta av særordningar – som personar med nedsett funksjonsevne, overtalige etc. Mange av dykk tenkjer kanskje at no skal endå ei gruppe omfattast av særordningar. Eg vil snu på det: Har vi råd til å gå glipp av denne kompetansen, denne ressursen som desse representerer? NEI!

Avslutning
Så til dykk som skal gjennomføre forsøksordninga: For å få til betre innpass og vilkår i arbeidslivet for innvandrarbefolkninga, har positive rollemodellar og gode døme mykje å seie. Det er viktig å hugse på at nye personar kan bidra med andre tenkjemåtar, kunnskapar i andre språk og kulturelle kodeksar og andre erfaringar, og dei kan ha andre nettverk. Og som det vert framheva i oppslaget i Aftenposten 19. desember – det å vere tospråkleg utgjer ein kvalifikasjon i seg sjølv! Alt dette kan igjen medverke til at arbeidsplassen yter betre og/eller gir betre service og tenester til ei mangfaldig befolkning. For å kunne setje forsøksordninga ut i praksis er det viktig å ha denne forståinga. Det handlar om å endre haldningar!

Det har vore noko diskusjon om dette forsøket og det er bra. Vi toler godt at det er offentleg ordskifte om tiltak som kvotering av innvandrarar i staten. Men eg merkar meg at de argumenta vi no høyrer langt på veg er dei same som vi høyrde i debatten om kvotering av kvinner både i politikken og i styreromma.

Eg óg ser at det kan finnast argument imot. Men så lenge innvandrarar blir diskriminerte i arbeidslivet, så lenge vi ikkje får til utjamning i arbeidsløysestatistikken, så lenge mange med utdanning og arbeidskapasitet som vi så sårt treng går ledige eller i arbeid dei er overkvalifisert til – ja, så vil eg seie at det må hardare lut til enn det vil no har prøvd. Difor set vi no i gang.

Lukke til med gjennomføring av forsøksordninga!