Historisk arkiv

Kredittmeldinga 2007

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Finansdepartementet

- Stoda i dei internasjonale finansmarknadene vart i 2007 i aukande grad prega av negative nyhende om utviklinga i amerikansk økonomi. Eg er glad for å sjå at finansuroa internasjonalt har hatt små direkte økonomiske konsekvensar for norske bankar. Utsiktene til finansiell stabilitet i Noreg er framleis rekna som tilfredsstillande, seier finansminister Kristin Halvorsen.

- Stoda i dei internasjonale finansmarknadene vart i 2007 i aukande grad prega av negative nyhende om utviklinga i amerikansk økonomi. Eg er glad for å sjå at finansuroa internasjonalt har hatt små direkte økonomiske konsekvensar for norske bankar. Utsiktene til finansiell stabilitet i Noreg er framleis rekna som tilfredsstillande, seier finansminister Kristin Halvorsen.

Kredittmeldinga 2007 vart lagt fram i dag, og inneheld mellom anna omtale av utsiktene til finansiell stabilitet i Noreg, utøvinga av pengepolitikken og verksemda til Det internasjonale valutafondet (IMF). Kredittmeldinga er ei årviss melding frå Regjeringa. I meldinga er det for 2007 og ein omtale av konkurransetilhøva i bankmarknaden.

Internasjonal finansiell uro
Stoda i dei internasjonale finansmarknadene vart i 2007 i aukande grad prega av negative nyhende om utviklinga i amerikansk økonomi. Ein rekkje internasjonale bankar har røynd store tap, og fått tilført ny kapital frå eigarane.

- Ingen veit kor store dei samla tapa knytt til den internasjonale finansuroa vert. Vidaresal av finansielle instrument i fleire ledd gjer det og vanskeleg å få eit fullgodt oversyn over kven som til slutt vert råka. Kredittilsynet har kartlagt om og norske bankar kan vere eksponert mot marknaden for såkalla subprimelån. Det som her har kome fram, gir ikkje grunnlag for uro på vegne av norske bankar, seier finansminister Halvorsen.

Norske hushald
Gjeldsveksten i norske hushald har vist rask vekst  frå år 2000 og fram til i dag. Veksten har mellom anna vore driven av låge renter og sterk vekst i bustadprisar og inntekt. Tal frå Kredittilsynet syner at lånetakarar som er yngre enn 35 år, har ei gjennomsnittleg gjeldsbelastning på heile 313 prosent, noko som er 24 prosentpoeng høgare enn i 2006. Utviklinga i den norske bustadmarknaden kan synast å ha snudd i 2007. Tolvmånadersveksten var i mars 2008 -0,1 prosent. 

- Dei siste åra har eg og fleire med meg peika på at når ein tek opp lån må ein ta høgd for moglege renteauker, og at dei økonomiske tilhøva raskt kan endrast. Om ein har grunn til å tru at låntakar ikkje er i stand til å gjere opp for seg, har långjevar ei klår plikt om å åtvare forbrukaren. Gjeldsauka syner at det framleis er grunn for å understreke kor viktig det er at det vert gjort grundige kredittvurderingar, seier finansministeren. 

Norske bankar
- Bankane spelar ei sentral og viktig rolle for den finansielle stabiliteten. Årsresultata for 2007 syner at finansuroa internasjonalt fekk små direkte økonomiske konsekvensar for norske bankar. Sjølv om internasjonale tilhøve kan slå ulikt ut, har norske bankar under eit, ei god risikoberande evne, og ei relativ låg eksponering mot utlån og verdipapirinvesteringar i dei mest usikre marknadene, seier Halvorsen.  Av dette vert utsiktene til finansiell stabilitet i Noreg framleis rekna som tilfredsstillande. 

Konkurransen i bankmarknaden
Bankmarknaden i Noreg har i seinare år vore prega av aukande bruk av elektroniske løysingar, høg volumvekst, låge tap og lågare rentemarginar.

- Det samla inntrykket er at konkurransen i bankmarknaden har fungert bra. Regjeringa er likevel oppteken av at det skal verte enklare og rimeligare for bankkundane. I 2007 vart den statlege finansportalen oppretta. Portalen skal mellom anna gjere det enklare for kundane å samanlikne vilkåra i dei ulike bankane, seier Kristin Halvorsen.

- Vi arbeider no saman med finansnæringa for å få gjennomført tiltak som sikrar betre samhandling om bankbyte mellom bankane. Vi vil og sjå nærare på utfordringar knytt til produktpakker og internasjonale betalingskort i Noreg, seier Halvorsen.

Utøvinga av pengepolitikken
I Kredittmeldinga har Finansdepartementet gjeve ei vurdering av utøvinga av pengepolitikken det siste året.

Den underliggjande prisstiginga i 2007 var låg, og lågare enn inflasjonsmålet. Låg inflasjonen var ikkje eit teikn på svak økonomisk utvikling, men i særleg grad eit resultat av prisfall på importerte forbruksvarer og auka konkurranse i fleire produktmarknader. Underliggjande inflasjon har og vore svakt aukande frå hausten 2006.

I utøvinga av pengepolitikken i 2007 har Noregs Bank sitt hovudstyre på kort til mellomlang sikt vurdert omsynet til stabil inflasjon opp mot omsynet til stabilitet i produksjon og sysselsetjing.

Noregs Bank auka i 2007 styringsrenta med til saman 1,75 prosentpoeng, til 5,25 prosent. Noregs Bank har vidare lagt til grunn ei auke i styringsrenta mot eit nivå på mellom 5,5 og 5,75 prosent i 4. kvartal i år, og vidare ned til om lag 5 prosent i 4. kvartal neste år. Etter ei samla vurdering finn ikkje departementet grunnlag for vesentlege merknader til Noregs Bank si skjønnsutøving i rentesetjinga i 2007.

Det internasjonale valutafondet (IMF)
Kredittmeldinga gir eit oversyn over verksemda til Det internasjonale valutafondet (IMF). Meldinga gjer greie for aktuelle spørsmål som overvakingspolitikk, reform av kvotar og stemmerett, finansane til IMF og IMF sitt arbeid i låginntektsland. I tråd med Soria Moria-erklæringa har Noreg arbeidd for å gjennomføre dei internasjonale initiativa for gjeldsletting, og for å auke små og fattige land sin innverknad i styringa av IMF.

- Noreg støttar stemmerettsreforma i IMF av di vi meiner det er viktig å auke innverknaden til låginntektslanda, seier finansminister Kristin Halvorsen.

Finansdepartementet har vidare arbeidd med ei forenkling av vilkåra IMF set for utlån til medlemsland. Departementet arrangerte mellom anna i januar 2008 ein konferanse om dei strukturpolitiske krava IMF stiller. Regjeringa meiner at IMF må avgrense bruken av slike vilkår.

Kredittmeldinga omtalar og tiltak som kan setjast i verk for å redusere det aukande driftsunderskotet i IMF, og diskuterer moglege endringar i oppgåvene til IMF. Det er varsla ein gjennomgang av IMF si rolle i låginntektsland, og meldinga diskuterer på kva måte organisasjonen best kan bidra til økonomisk vekst og utvikling i desse landa.